Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Moderat auke i helse- og omsorgstenestene
Talet på årsverk for personell i kommunale helse- og omsorgstenester viser ein moderat auke frå 2001 til 2002. Auken er større for pleie- og omsorgssektoren enn for kommunehelsetenesta.
Ved utgangen av 2002 var det avtalt nærare 94 000 årsverk for personell innanfor kommunale pleie- og omsorgstenester, utanom legar og fysioterapeutar. Dette er ein auke frå året før med 2 prosent. Auken i personellinnsats er større enn auken i talet på brukarar. I 2002 var det om lag 42 000 plassar i institusjonar for eldre og funksjonshemma og om lag 162 000 mottakarar av heimetenester. Dette svarar til 0,46 årsverk per brukar.
Det blir stadig fleire brukarar av pleie- og omsorgstenester blant dei yngre under 67 år og blant dei aller eldste over 85 år, medan talet på brukarar mellom 67 og 85 år har minka noko.
Talet på bebuarar i institusjon er nær opp til talet på institusjonsplassar, 42 000. Dessutan bur om lag 46 000 i bustader til pleie- og omsorgsføremål.
I kommunehelsetenesta er det små endringar i hovudtala. I 2002 var det avtalt i overkant av 4 000 legeårsverk , inkludert 257 årsverk i institusjonane. Også for fysioterapeutar var det avtalt i overkant av 4 000 årsverk totalt, inkludert 357 årsverk i institusjonane. Innanfor skulehelse- og helsestasjonstenesta var det samla avtalt om lag 3 000 årsverk i 2002. Helsesystrer utgjer den største einskilde yrkesgruppa i desse tenestene.
Detaljerte samanlikningstal for kommunane er tilgjengelege på heimesidene til Statistisk sentralbyrå på Internett: http://www.ssb.no/kostra/
Tala i KOSTRA er førebels ikkje oppdaterte med endelege tal, og kan difor avvike noko frå denne artikkelen.
Tabeller:
- Tabell 1 Plassar i institusjonar for eldre og funksjonshemma. 1996-2002
- Tabell 2 Talet på rom i institusjonar for eldre og funksjonshemma. Prosent. 1991-2002
- Tabell 3 Bebuarar i institusjonar for eldre og funksjonshemma, etter alder. 1992-2002
- Tabell 4 Bebuarar i bustader til pleie- og omsorgsføremål, etter alder. 1994-2002
- Tabell 5 Mottakarar av heimetenester, etter alder. 1992-2002
- Tabell 6 Mottakarar av heimetenester, etter type teneste. 1992-2002
- Tabell 7 Mottakarar av avlasting, etter alder. 1996-2002
- Tabell 8 Mottakarar av støttekontakt, etter alder. 1996-2002
- Tabell 9 årsverk innan pleie- og omsorgstenestene. 1992-2002
- Tabell 10 årsverk av ulike yrkesgrupper i kommunehelsetenesta utanfor institusjonar for eldre og heimetenestene. årsverk per 10 000 innbyggjarar. Sentralitet. 1994-2002
- Tabell 11 årsverk av ulike yrkesgruppar i kommunehelsetenesta utanfor institusjonar for eldre og heimetenestene. Sentralitet. 1994-2002
- Tabell 12 årsverk av legar med ulike avtaleformer i kommunehelsetenesta utanfor institusjonar for eldre og heimetenestene. Sentralitet. 1994-2002
- Tabell 13 årsverk av fysioterapeutar med ulike avtaleformer i kommunehelsetenesta utanfor institusjonar for eldre og heimetenestene. Sentralitet. 1994-2002
- Tabell 14 årsverk i skolehelsetenesta og helsestasjonstenesta. 1994-2002
- Tabell 15 Legeårsverk etter virkeområde. 1994-2002
- Tabell 16 Fysioterapeutårsverk etter virkeområde. 1994-2002
Kontakt
-
Trond Ekornrud
E-post: trond.ekornrud@ssb.no
tlf.: 48 13 70 09
-
Merete Thonstad
E-post: merete.thonstad@ssb.no
tlf.: 99 30 70 72
-
Solveig Stølan
E-post: solveig.stolan@ssb.no
tlf.: 48 19 37 83