20909_not-searchable
/helse/statistikker/helsetjko/arkiv
20909
God utnytting av institusjonsplassane
statistikk
2004-12-03T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
helsetjko, Kommunehelsetenesta, kommunale helsetenester, driftsutgifter, helsestasjonar, skolehelsetenesten, helsekontroll, helsepersonell (for eksempel fysioterapeutar, helsesystrer, jordmødrer), sykehjemsbebuararKOSTRA, Helsetjenester, Helse, Offentlig sektor
false

Kommunehelsetenesta2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

God utnytting av institusjonsplassane

Medan talet på institusjonsplassar for eldre og funksjonshemma på landsbasis var rundt 41 700 ved inngangen til 2004, var talet på institusjonsbebuarar nær 41 000. 90 prosent av desse budde i sjukeheimar.

På lokalt nivå kan det likevel vere større variasjonar i belegget, spesielt i mindre kommunar. Medan talet på plassar i institusjonar har gått noko ned totalt dei siste åra, har talet på rom auka. Særleg har Handlingsplanen for eldreomsorgen resultert i at rom for to eller fleire bebuarar er ombygde til einerom, forutan mykje nybygging av sjukeheimar med hovudsakleg einerom. No er 91 prosent av romma einerom, medan det berre vart registrert 13 rom for fleire enn to personar.

Talet på mottakarar av heimetenester har halde seg på rundt 160 000 dei seinare åra, etter ein auke mot slutten av 1990-talet. Det siste tiåret har likevel talet på mottakarar av heimesjukepleie auka til i overkant av 106 000, medan talet på mottakarar av berre praktisk bistand stadig går ned.

Både talet på mottakarar av avlastning og støttekontakt viser ei stigning. Litt over 8 600 personar mottok avlastning i 2003, medan rundt 21 700 hadde støttekontakt.

Nær 111 000 årsverk inkludert vikarar var registrerte innanfor pleie- og omsorgstenestene ved utgangen av 2003.

Med unntak av fastlønte legar og legar utan avtale, er tala for kommunehelsetenesta stabile. Talet på årsverk av legar med fast løn er no rundt 500, ei tilbakegang på 7 prosent frå 2002. For legar utan avtale har tilbakegangen vore endå sterkare, på 10 prosent det siste året, til 95 årsverk.

Totalt, inkludert institusjonar, representerar legane og fysioterapeutane i kommunehelsetenesta i overkant av 4 100 årsverk kvar.

Tabeller: