20907_not-searchable
/helse/statistikker/helsetjko/arkiv
20907
Utflating av talet på yngre langtidsbebuarar i institusjon
statistikk
2005-07-08T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
helsetjko, Kommunehelsetenesta, kommunale helsetenester, driftsutgifter, helsestasjonar, skolehelsetenesten, helsekontroll, helsepersonell (for eksempel fysioterapeutar, helsesystrer, jordmødrer), sykehjemsbebuararKOSTRA, Helsetjenester, Helse, Offentlig sektor
false

Kommunehelsetenesta2004, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Utflating av talet på yngre langtidsbebuarar i institusjon

Ved utgangen av 2004 var det berre seks langtidsbebuarar under 50 år i reine aldersheimar. Totalt hadde institusjonar for eldre og funksjonshemma, som til dømes sjukeheimar, aldersheimar og buformer, 249 yngre langtidsbebuarar. Dette utgjer mindre enn 1 prosent av langtidsbebuarane, og er om lag det same talet som for 2003. Dermed ser auken frå tidlegare år ut til å flate ut.

I dei såkalla buformene for heildøgns omsorg og pleie er 33 prosent av langtidsbebuarane under 50 år. Dette er ein type institusjon med bustadpreg for sterkt pleietrengande personar som ikkje kan bu i sin eigen heim. Det samla talet på bebuarar i slike institusjonar er no nede i 300.

Fleire mottakarar av pleie- og omsorgstenester under 67 år

Når det gjeld bebuarar i institusjon og brukarar av heimetenester under 67 år, held auken fram. Av dei drygt 41 000 institusjonsbebuarane, var rundt 1 800 under 67 år, medan 47 000 av dei 163 000 heimetenestemottakarane tilhøyrde denne aldersgruppa. I heimetenesta utgjer dei yngste brukarane no heile 29 prosent, medan det tilsvarande talet var 17 prosent i 1992.

Som tidlegare blir mottakarar som berre får praktisk bistand stadig færre - talet gjekk ned med 6 prosent frå 2003. Dette blir vege opp av ein sterk auke i mottakarar av heimesjukepleie, slik at talet på mottakarar av heimetenester totalt held seg nær uforandra.

Årsverk i pleie- og omsorgstenestene (inkludert fråvere og vikarar) viser ein liten auke til nær 107 000, samtidig som det legemelde sjukefråveret har blitt langt lågare. Ved nyårsskiftet var dette fråveret på 11 prosent av årsverk totalt.

Færre fastlønte kommunale legar og fysioterapeutar

Når det gjeld kommunehelsetenesta, viser talet på årsverk av helsesystrer ein klår oppgang på rundt 3 prosent, til drygt 1 900 årsverk. Dei aller fleste av desse finn vi i helsestasjons- og skolehelsetenesta. Auken i helsesysterårsverk på dette området veg opp nedgangen i legeårsverk og spesielt fysioterapiårsverk. Tendensen med stadig færre fastlønte kommunale legar og fysioterapeutar held seg. Frå 2003 til 2004 gjekk talet på årsverk for begge desse gruppene ned med rundt 4 prosent. For fysioterapeutar kan auken i årsverk av turnuskandidatar og fysioterapeutar utan driftsavtale ikkje vege opp denne nedgangen. For legane blir han kompensert med ein auke i årsverk av private legar med driftsavtale. Medan talet på årsverk av legar totalt dermed er stabilt på i overkant av 4 100, har talet for fysioterapeutar totalt minka noko til snautt 4 100.

Gjennom eit samarbeid mellom Sosial- og helsedirektoratet, Kommunenes Sentralforbund, Helse- og omsorgsdepartementet og Statistisk sentralbyrå blei det i juni 2005 lansert ein ny portal for kvalitetsindikatorar i pleie- og omsorgstenestene. Her er utvalde tal frå KOSTRA presenterte. Les meir på http://indikator.more.no/bedrekommune/ploindikator.jsp .

Avvik mellom tal i KOSTRA og i artikkelen heng saman med forbetringar i statistikken i tida etter publisering av tall i KOSTRA. I tillegg til oppdaterte tal i artikkelen finnast oppdaterte tal i Statistikkbanktabellar (unntatt KOSTRA-tabellar).

Gjelder tabell 9: Under produksjonen av den registerbaserte statistikken for 2004 er det gjort en del forbedringer i produksjonsopplegget og ikke minst har kommunene oppdatert sine registreringer i løpet av 2004/2005. Endringen i antall sysselsatte skyldes at den generelle registerbaserte sysselsettingsstatistikken er revidert, som blant annet innebærer at arbeidsforhold med lav timeandel er bedre plassert på riktig bedrift og at kommunene har oppdatert sine registreringer i Arbeidstaker- og arbeidsgiverregisteret. Tallene er kun oppdatert tilbake til 2003, slik at tall for årsverk i pleie- og omsorgstjenestene 2003 og 2004 ikke er sammenlignbare med tilsvarende statistikk publisert 01.07.2004 og 03.12.2004.(17.08.2005)

Tabeller: