Innhald
Publisert:
Fleire legar, færre fysioterapeutar i institusjonane
Førebelse tal for kommunale helse- og omsorgstenester tyder på at det i 2005 har vore ein auke på rundt 6 prosent i talet på legeårsverk i institusjonar for eldre og funksjonshemma. Samstundes finn vi ein tilsvarande nedgang i talet på årsverk av fysioterapeutar i institusjon.
Legeinnsatsen i institusjonar har auka med 6 prosent og er no på 275 årsverk. Det er elles ein svak vekst i talet på legeårsverk uavhengig av verksemdsområde, til totalt rundt 4 200 årsverk. Denne veksten er størst blant fastlegane, men det er turnuskandidatane som kan vise til den største relative auken - på nærare 8 prosent. Samstundes er det ein generell svak nedgang i talet på fysioterapeutårsverk til 4 150. Det er særleg dei kommunalt tilsette fysioterapeutane som har ein nedgang i talet på årsverk. I tillegg til reduksjon i aktiviteten på institusjonar, har også talet på årsverk av fysioterapeutar gått ned i helsestasjons- og skolehelsetenesta. Både talet på årsverk av helsesystrer og jordmødrer viser ein svak auke.
Den sterke reduksjonen i talet på plassar i aldersheimar held fram i same takt som før - i 2005 gjekk plasstalet ned med rundt 14 prosent til 2 500. Talet på plassar i sjukeheimar ser no ut til å flata ut til i overkant av 38 000, etter ei viss stigning dei seinare åra. Dermed fører auken i talet på legeårsverk til at det er vorte noko meir legetid til kvar bebuar - no på drygt eit kvarter per veke. Dette kjem fram ved den nye kvalitetsindikatoren " legetimar per bebuar i sjukeheimar " som nyleg vart lansert.
Ei årsak til reduksjonen i talet på institusjonsplassar er at rom for to eller fleire bebuarar vert ombygde til einerom. Dei siste åra har ein fått fleire rom, men likevel færre plassar. No er 95 prosent av romma einerom. Sidan det har vorte færre plassar totalt, har det òg vorte færre bebuarar på institusjon. Nedgangen i bebuartalet er noko mindre enn nedgangen i plasstalet. Dette kjem av betre utnytting av plassane. Belegget er no på 99 prosent. Her kan det likevel vere store lokale forskjellar.
Saman med ein reduksjon i talet på plassar i aldersheimar, finn vi ein auke i talet på bebuarar i bustader som kommunen disponerer for pleie- og omsorgsføremål, til rundt 48 600. Talet på mottakarar av heimetenester har samstundes auka til nærare 165 000. For både bebuarar i pleie- og omsorgsbustader og mottakarar av heimetenester er det ein auke på 6-7 prosent blant dei under 67 år. Også for dei eldste over 85 år har talet auka i same grad. Medan talet på mottakarar av berre praktisk bistand stadig går ned, er det ein viss auke i talet på mottakarar av heimesjukepleie, eventuelt i kombinasjon med praktisk bistand.
Det har vore ein viss auke i talet på årsverk totalt i pleie- og omsorgstenestene, til 111 000. Noko av auken kjem av stigning i sjukefråveret, og dermed fleire vikarar. I forhold til talet på årsverk held fråveret seg stabilt på 11 prosent. Auken i årsverkstalet ligg litt over auken i talet på mottakarar, slik at det no er i overkant av eit halvt årsverk per mottakar av pleie- og omsorgstenester.
Justerte årsverkstall for pleie og omsorg
[Publisert 18,08.2006 kl 13.50]
Statistikken over årsverk baserer seg på data fra en rekke registre. I arbeidsgiver/arbeidstakerregisteret, som er det viktigste av disse, har mange kommuner forbedret sin registrering av ansatte fra 2004 til 2005. Dette har gitt en vekst i tallet på ansatte som ikke er reell. SSB har klart å justere for en del av disse kvalitetsforbedringene i materialet som er publisert, men vurderer at vi ikke har fått justert for alt. Vi har under noe ulike forutsetninger, anslått at den reelle veksten har vært i intervallet på 1 600 - 2 200 årsverk, ikke 3 000 som kan leses ut av tabellen. Dette forbeholdet har dessverre ikke kommet med, men står bare i en generell tekstlig forklaring til årverkstallene. Se Årsverk - beregninger og begreper , og den aktuelle tabell 9 . |
Tabeller:
- Tabell 1 Plassar i institusjonar for eldre og funksjonshemma. 1996-2005. Førebelse tal 2005
- Tabell 2 Rom i institusjonar for eldre og funksjonshemma. Prosent (N=talet på rom). 1991-2005. Førebelse tal 2005
- Tabell 3 Bebuarar i institusjonar for eldre og funksjonshemma, etter alder. 1992-2005. Førebelse tal 2005
- Tabell 4 Bebuarar i bustader til pleie- og omsorgsformål, etter alder. 1994-2005. Førebelse tal 2005
- Tabell 5 Mottakarar av heimetenester, etter alder. 1992-2005. Førebelse tal 2005
- Tabell 6 Mottakarar av heimetenester, etter type teneste. 1992-2005. Førebelse tal 2005
- Tabell 7 Mottakarar av avlasting, etter alder. 1996-2005. Førebelse tal 2005
- Tabell 8 Mottakarar av støttekontakt, etter alder. 1996-2005. Førebelse tal 2005
- Tabell 9 Årsverk og fråvere innanfor pleie- og omsorgstenestene. 2003-2005. Førebelse tal
- Tabell 10 Årsverk av ulike yrkesgrupper i kommunehelsetenesta. Årsverk per 10 000 innbyggjarar. Sentralitet. 1994-2005. Førebelse tal 2005
- Tabell 11 Årsverk av ulike yrkesgrupper i kommunehelsetenesta. Sentralitet. 1994-2005. Førebelse tal 2005
- Tabell 12 Årsverk av legar med ulike avtaleformer i kommunehelsetenesta. Sentralitet. 1994-2005. Førebelse tal 2005
- Tabell 13 Årsverk av fysioterapeutar med ulike avtaleformer i kommunehelsetenesta. Sentralitet. 1994-2005. Førebelse tal 2005
- Tabell 14 Årsverk i helsestasjons- og skolehelsetenesta. 1994-2005. Førebelse tal 2005
- Tabell 15 Legeårsverk etter virkeområde. 1994-2005. Førebelse tal 2005
- Tabell 16 Fysioterapeutårsverk etter virkeområde. 1994-2005. Førebelse tal 2005
Denne sida blir ikkje oppdatert lenger, sjå Kommunehelsetenesta, Årleg.
Kontakt
-
Trond Ekornrud
E-post: trond.ekornrud@ssb.no
tlf.: 48 13 70 09
-
Merete Thonstad
E-post: merete.thonstad@ssb.no
tlf.: 99 30 70 72
-
Solveig Stølan
E-post: solveig.stolan@ssb.no
tlf.: 48 19 37 83