23629_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23629
Framleis auke i skatteinngangen
statistikk
2003-11-14T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapoktober 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis auke i skatteinngangen

Frå januar til og med oktober 2003 er det til saman betalt inn 370,8 milliardar kroner skatt. Dette er ein auke på 15,9 milliardar kroner, eller 4,5 prosent, samanlikna med same periode i fjor.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-oktober frå 2001 til 2002 og frå 2002 til 2003

Skatteinngang januar-oktober 2002 og 2003, etter skatteordning. Millionar kroner

Det er særleg oljeskattane som medverkar til auken i den totale skatteinngangen. Innbetalte skattar frå kontinentalsokkelen er hittil i år 91,8 milliardar kroner. Dette er ein auke på 6,5 prosent frå same periode i fjor, då det blei innbetalt 86,2 milliardar kroner. Dersom vi ser bort ifrå oljeskattane, har Fastlands-Noreg hatt ein skatteauke på 3,8 prosent.

Arbeidsgjevaravgift og medlemspremie til Folketrygda utgjer 114,2 milliardar kroner til og med oktober 2003. Dette er ein vekst på 5,8 milliardar kroner, eller 5,4 prosent, samanlikna med 2002. For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år innbetalt 76,1 milliardar kroner i skatt. Dette er 5,6 prosent, eller 4,0 milliardar kroner, høgare enn i same periode i fjor.

Størst auke i Hordaland

Skatteinngangen fordelt på fylke syner at Hordaland har hatt den største auken hittil i år med ein auke på 8,3 prosent. Vestfold har som einaste fylke hatt ein reduksjon i samla skatteinngang; ein nedgang på 0,2 prosent frå 2002 til 2003.

I samband med løpande inntektsutjamning som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstala for dei ulike kommunane per 1. januar finst på lenka http://www.ssb.no/folkemengde/ .

Tabeller: