I Noreg er det slik at kvinner og menn ofte har ulike yrke, det vil seie at dei gjer ulike arbeidsoppgåver. I helse- og sosialtenester og undervisning er det til dømes mange fleire kvinner, mens i industri og bygge- og anleggsverksemd er det mange fleire menn. Tenk over korfor folk har ulik lønn i ulike yrke. Kva har det å seie når det er så stor skilnad på kva kvinner og menn jobbar med?
Sjå videoen om den kjønnsdelte arbeidsmarknaden:
Før du samanliknar lønn, er det greitt å kjenne til omgrepet heiltid. For dei fleste betyr heiltid at dei til vanleg er på jobben om lag 38 timer i veka. Les meir om heiltid og deltid her.
I 2024 tente menn i heiltid i Noreg i gjennomsnitt 64 360 kroner i månaden og kvinner 57 950 kroner. Kvifor er det slik? Ein viktig skilnad er at langt fleire menn enn kvinner har dei aller høgaste lønnene i Noreg. Reknar vi gjennomsnittslønna utan dei med aller høgast lønn, er skilnaden mellom kvinner og menn langt mindre (Strand, 2025).
Diagrammet viser lønnsforskjellen mellom kvinner og menn for alle sammenliknet med grupper der vi har fjernet en gitt prosent av de høyest lønnede. Lønnsgap: Kvinners gjennomsnittslønn var 88,2 prosent av menns lønn, noe som tilsvarte et lønnsgap på 11,8 prosent. Uten de 2 prosent høyest lønnede: Lønnsgapet blir mindre når de høyest lønnede tas ut, fordi menn er overrepresentert i toppsjiktet. Uten de 10 prosent høyest lønnede: Når de 10 % med høyest lønn fjernes, reduseres lønnsgapet kraftig. Dette viser at en stor del av forskjellen skyldes flere menn i de best betalte stillingene.
At fleire menn har høgast lønn, heng saman med at kvinner oftare jobbar i offentleg sektor, mens menn oftare jobbar i privat sektor. Nær 70 prosent av dei som jobbar i offentleg sektor i Noreg er kvinner, i privat sektor er over 60 prosent menn. Kvinner jobbar også deltid i langt større grad enn menn (Strand, 2025). Du kan lese meir om dette i artikkelen Slik kan lønnsforskjeller mellom kvinner og menn forklares.
Når du samanliknar lønn mellom ulike grupper, bør du bruke meir enn berre skilnad i gjennomsnitt. Her kan du sjå ein forklaring av fleire viktige omgrep:
Kva er skilnaden på gjennomsnitt, median og kvartil?
Infografikken viser skilnaden på gjennomsnittslønn, median og kvartil. Her ser du 12 lønnstakarar. Dei har ulik månadslønn. Korleis reknar vi eigentleg ut tal for gjennomsnittslønn, median og kvartil? Gjennomsnittslønna finn du lett ved å legge saman alle lønnsbeløpa og dele på antal personar i gruppa. Månadslønn, tal i 1 000. 35 + 52 + 31 + 40 + 32 + 81 + 37 + 48 + 38 + 44 + 35 + 43 = 516. 516 delt på 12 = 43. Når vi skal berekne medianen, sorterer vi først gruppa i stigande rekkefølgje. 31, 32, 35, 37, 38, 40, 43, 44, 48, 52, 81. Så finn vi den midterste lønnsverdien. (38+40) / 2 = 39. (Her er det to i midten, så vi finn snittet av desse to.) Nedre og øvre kvartil finn vi ved å sortere gruppa i stigande rekkefølgje. Så finn vi grenseverdien for hvv. nedre og øvre fjerdedel. Grensa for nedre fjerdedel, eller for nedre kvartil, er 35, mens grensa for øvre fjerdedel, eller fjerde kvartil er 48.
Statistisk sentralbyrå har mykje statistikk for lønn i ulike yrke. No skal de jobbe med desse tala i oppgåve F, som de finn nedst på denne sida.
Strand, H. H. (2025, 7. mars). Slik kan lønnsforskjellen mellom kvinner og menn forklares. SSB. https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/lonn-og-arbeidskraftkostnader /statistikk/lonn/artikler/slik-kan-lonnsforskjellen-mellom-kvinner-og-menn-forklares Fløtre, I. A., Tuv, N. & Strand, H. H. (2024, 7. februar. Hva er vanlig lønn i Norge? SSB. https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/lonn-og-arbeidskraftkostnader/artikler/hva-er-vanlig-lonn-i-norge Statistisk sentralbyrå. (2025, 6. februar). Statistikkbanken. Lønn. https://www.ssb.no/statbank/table/11536/ Statistisk sentralbyrå. (2025, 27. februar). Arbeidskraftundersøkelsen. Arbeidskraftundersøkelsen (ssb.no) Statistisk sentralbyrå. (2024, 11. mars). Fakta om arbeidsmarked. https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/faktaside/arbeid Statistisk sentralbyrå. (2025, 11.mars). Fakta om likestilling. https://www.ssb.no/befolkning/faktaside/likestilling Statistisk sentralbyrå (2025). Variabeldefinisjoner. ssb.no: https://www.ssb.no/a/metadata/definisjoner/variabler/main.html Statistisk sentralbyrå. (2021, 28. februar). Her kan du sjekke lønna i ditt yrke. https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/lonn-og-arbeidskraftkostnader/artikler/her-kan-du-sjekke-lonna-i-ditt-yrke Statistisk sentralbyrå. (2017, 1. februar). Gjennomsnitt, median eller kvartiler? https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/metoder-og-dokumentasjon/gjennomsnitt-median-eller-kvartiler