Person og sirklar, illustrasjon

I statistikken blir du rekna som sysselsett viss du jobbar, anten du har ein stor eller liten jobb, heilt ned til ein time i veka. Men berre arbeid du får lønn for av ein arbeidsgjevar eller tener pengar på i di eiga næringsverksemd, blir rekna som ein jobb .

Omgrepa i offisiell statistikk er definerte på ein teknisk måte og følgjer ofte internasjonale reglar. Her kan du lese definisjonen på sysselsetting.

Vi tel gjerne sysselsette fire gonger i året. Talet på sysselsette er då eit gjennomsnitt for tre månader (kvartal). Andelane i prosent blir rekna av dei som bur i landet og er i alderen 15-74 år. I oktober til desember i fjor, 4. kvartal 2023, var 2 878 000, eller nær 70 prosent, sysselsette.

Dette svarar til 72,5 prosent av menn og 67,1 prosent av kvinner. Kva tyder det? Viss vi tenkjer oss at andelen var lik blant kvinner og menn, ville 109 000 fleire kvinner vore sysselsette. 

Blant alle som er mellom 15 og 74 år gamle, er altså nær ein tredel ikkje sysselsette. Blant dei unge har mange ikkje byrja å jobbe fordi dei tek utdanning, medan blant dei gamle har mange slutta å jobbe. Derfor lagar vi berre tal for folk mellom 25 og 54 år. I denne aldersgruppa jobbar dei fleste, og dei har oftare fast jobb.

Figur 1. Sysselsetting i aldersgruppa 25-54 år

Gjer oppgåvene A og B som du finn nedst på sida. Men les først boksen om andel, prosent og prosentpoeng og dette: I oppgåve A nyttar vi tal for aldersgruppa 25 til 54 år for å sjå nærare på korleis sysselsettinga har endra seg over mange år. Blant menn mellom 25 og 54 år jobba 86,1 prosent i 4. kvartal 2023,  og blant kvinner i same alder 81,6 prosent. Korleis trur du det var for 50 år sidan?

Når du skal svare på spørsmål om korleis sysselsettinga har endra seg, er det nyttig å repetere kort kva andel, prosent og prosentpoeng er:

Prosent: del av hundre. Eksempel: Når 73 prosent er sysselsette, tyder det at 73 av 100 er sysselsette.

Andel: del av noko. Blir ofte målt  i prosent, eller promille (av tusen).

Du kan òg skrive andelane med ord, og det er ofte greitt når tala er runde eller ligg nær eit rundt tal. Viss for eksempel 70 prosent er sysselsette, kan du seie at sytti av hundre, eller sju av ti, er sysselsette.

Prosentpoeng: differansen mellom to prosenttal. Eksempel: Skilnaden mellom ei arbeidsløyse på 3 prosent og 4 prosent er 1 prosentpoeng. Rekna i prosent er derimot skilnaden 25 prosent, sidan ei endring på 1 i prosent av 4 blir 25 %, og det reknar vi ut sånn:  (1:4) * 100 % =25 %.

Statistisk sentralbyrå. (2024, 23. april. Fakta om arbeidsmarked. SSB. https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/faktaside/arbeid

Statistisk sentralbyrå. (2024, 21. mars). Arbeidskraftundersøkelsen. SSB. Arbeidskraftundersøkelsen (ssb.no)

Statistisk sentralbyrå. (2024). SSB. https://www.ssb.no/a/metadata/definisjoner/variabler/main.html