Unge som verken er i jobb eller utdanning
I 2024 var det 70 000 mellom 15 og 29 år som stod utanfor både jobb og utdanning. Her er folk i veldig ulike situasjonar i livet. Nokon vel sjølv å ta eit friår, mens andre blir arbeidslause eller har helseproblem. Dette gjer at nokon blir verande lenger utanfor enn dei fleste.
Andelen av unge som var utanfor arbeid, utdanning eller tiltak var mellom 9 og 12 prosent i åra 2008–2017. Nesten halvparten av unge som var utanfor i 2012, hadde arbeid eller utdanning allereie året etter. Blant dei som blei verande utanfor lenge, var det fleire som hadde helseutfordringar eller mangla vidaregåande utdanning (Fedoryshyn, 2019).
Talet på unge som var utanfor arbeid, utdanning eller opplæring gjekk ned mellom 2015 og 2019, men steig igjen frå 2019 til 2020, til 11 prosent. Det kan henge saman med koronapandemien (Pettersen, 2021). Talet gjekk så ned i 2021 og heldt seg på 9,5 prosent i 2022. Frå 2022 til 2023 gjekk talet på unge som var utanfor arbeid, utdanning eller opplæring opp til 102 259 personar, og det svarar til 9,9 prosent.
Kva er arbeidsløyse?
«Arbeidslaus» tyder noko anna enn å ikkje jobbe. Berre folk som er heilt utan arbeid og som gjer noko for å skaffe seg arbeid, blir rekna som arbeidslause. Reglane har fleire tillegg og unnatak. Les definisjonen av arbeidslaus her.
I 2024 var det 121 000 arbeidslause i Noreg. Arbeidsløysa i prosent er eit viktig mål for samfunnsøkonomien. Ho blir rekna frå talet på arbeidslause som andel av talet for sysselsette pluss arbeidslause, altså ikkje som andel av folketalet.
Korleis var arbeidsløysa i Noreg dei siste to åra? I 2024 var arbeidsløysa i Noreg 4 prosent og i 2023 3,6 prosent. Det er lågt samanlikna med dei fleste andre land, og arbeidsløysa i dei 27 EU-landa var 5,9 prosent i 2024 (OECD, 2025).
Arbeidsløysa har både vore høgare og lågare enn i dei siste to åra når vi ser tilbake til 1976. Og kvart år har ho vore høgare for dei unge.
NAV og SSB sine tal for arbeidsløyse er ikkje like
Også NAV lagar tal for arbeidsløysa i Noreg. Dei lagar tala på ein annan måte enn SSB gjer i Arbeidkraftundersøkinga (AKU). Viss du vil vite meir om skilnaden mellom NAV og SSB sine tal, så kan du lese artikkelen «Hvorfor har vi ulike arbeidsledighetstall?».
Gjer no oppgåvene C og D som du finn nedst på sida.
Fedoryshyn, N. (2019, 27. februar). Hvordan går det med unge som faller utenfor? https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/artikler-og-publikasjoner/hvordan-gar-det-med-unge-som-faller-utenfor Horgen, E. (2024, 21. mars). Hvorfor ulike arbeidsledighetstall? SSB. Hvorfor ulike arbeidsledighetstall? OECD. (2025, 13. februar). OECD unemployment rate remains stable at 4.9% in 2024 and December 2024. https://www.oecd.org/en/data/insights/statistical-releases/2025/02/unemployment-rates-updated-february-2025.html Pettersen, M. (2021, 26. august). Trenden er brutt – flere unge utenfor i 2020. SSB. https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/sysselsetting/statistikk/tilknytning-til-arbeid-utdanning-og-velferdsordninger/artikler/trenden-er-brutt--flere-unge-utenfor-i-2020 SSB skole. (2018, 3. desember). Unge og arbeidsmarkedet. https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/artikler-og-publikasjoner/unge-og-arbeidsmarkedet Statistisk sentralbyrå. (2025, 21. januar). Tilknytning til arbeid, utdanning og velferdsordninger. Tilknytning til arbeid, utdanning og velferdsordninger Statistisk sentralbyrå. (2025, 27. februar). Arbeidskraftundersøkelsen. Arbeidskraftundersøkelsen Statistisk sentralbyrå. (2025,10. mars). Fakta om arbeidsmarked. https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/faktaside/arbeid Statistisk sentralbyrå (2025). Variabeldefinisjoner. https://www.ssb.no/a/metadata/definisjoner/variabler/main.html