Tidlegare jobba ein større andel i jordbruk og industri, mens det no er meir vanleg å jobbe i butikkar, på kontor, skule og sjukehus. (Statistisk sentralbyrå, 2022a).
På ndla.no kan du lese om kva primær-, sekundær- og tertiærnæringar er (Auen, J. E, 2017).
Også dei siste drygt 50 åra har det skjedd store endringar. I 1970 jobba til dømes 40 000 personar med forlag, radio og TV, tele- og IT-tenester. I 2020 var det over dobbelt så mange som arbeidde med slikt, 99 000 personar. Eit anna eksempel er handelen, der nettbutikkar er mykje vanlegare enn før.
Korleis trur du at arbeidslivet i Noreg vil endre seg framover? Kva for type verksemd trur du at vil vekse i tal for sysselsette dei neste ti til tjue åra?
Auen, J. E. (2017, 3. mars). Næringsstrukturen i Norge. NDLA. https://ndla.no/article/191 Statistisk sentralbyrå. (2022a, 6. juli). Slik jobber Norge. SSB. https://www.ssb.no/virksomheter-foretak-og-regnskap/virksomheter-og-foretak/artikler/slik-jobber-norge Statistisk sentralbyrå. (2024, 23. april). Fakta om arbeidsmarked. SSB. https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/faktaside/arbeid Statistisk sentralbyrå. (2024, 21. mai). Arbeidskraftundersøkelsen. SSB. Arbeidskraftundersøkelsen (ssb.no)