I dette undervisningsopplegget blir elevane introduserte til fakta og tal om kommunestyre- og fylkestingsvala.

Dei får også ei innføring om bruken til unge av røysteretten i kommunestyre- og fylkestingsval og øving i å jobbe med omgrep og statistikk om emna gjennom oppgåveløysing. Det er også ein Kahoot i opplegget. Lærarar kan få fasit til omgreps- og taldelen av oppgåvene ved å skrive til skole@ssb.no.

De kan velje å bruke berre delar av opplegget. Vi viser også til undervisningsopplegga om stortingsval og sametingsval på SSB skole. De vurderer sjølv når de ber elevane om å løyse oppgåver åleine, i par, i grupper og i heil klasse.

  • Reflektere over utviklingstrekk i det norske lokaldemokratiet.
  • Utforske og reflektere over dei unges bruk av røysteretten.
  • Lære fakta og sentrale omgrep om det norske demokratiet og valprosessar.
  • Bruke offisiell statistikk i læringa.

Undervisningsopplegget er eit tilbod til lærarar med undervisning om demokrati og medborgarskap, og samfunnsfag/-kunnskap. Opplegget tek utgangspunkt i læreplanen i samfunnsfag for 10. trinn og samfunnskunnskap fellesfag vg1/vg2.

Kompetansemåla

  • demokrati og medborgarskap – denne delen fra SAF01-04: I samfunnsfag handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om at elevane utviklar kunnskapar og ferdigheiter for å kunne skape og delta i demokratiske prosessar. Faget skal bidra til at elevane utviklar kunnskap om og innsikt i demokratiske verdiar og prinsipp.
  • demokrati og medborgerskap – denne delen fra SAK01-01: Forståing om samanhengane mellom rettane og pliktene til individet, slik at dei kan bli aktive medborgarar, inngår også i dette.
  • beskrive trekk ved det politiske systemet og velferdssamfunnet i Noreg i dag og reflektere over sentrale utfordringar (SAF01-04)
  • bruke samfunnsfaglege metodar og digitale ressursar i eigne undersøkingar, presentere funn ved bruk av digitale verktøy og drøfte kor gyldige og relevante funna er (SAF01-04)
  • utforske og presentere dagsaktuelle tema eller debatter ved å bruke samfunnsfaglege metodar, kjelder og digitale ressursar, og argumentere for sine eigne og andre sine meiningar og verdiar (SAK01-01)

Meld deg på nyheitsbrev og få tips om relevant innhold på ssb.no.

Det finst også ein bokmålsversjon av undervisningsopplegget.