Valgurne med stemmeseddel, illustrasjon

Fylkestinget er det øvste organet til fylkeskommunen. Fylkestinget tek avgjerder om mellom anna vidaregåande opplæring, fylkesvegar med tilhøyrande ferjestrekningar, lokal kollektivtransport og kulturtiltak.  

Kommunestyret er det øvste organet til kommunen. Her blir det teke avgjerder i lokale saker som barnehagar, barnevern, plan- og arealspørsmål, grunnskole, helse- og omsorgstenester, kulturtiltak og renovasjon (Valdirektoratet, 2022b).

Om valet i Oslo

I Oslo er det kommunestyreval og val til bydelsutval, men ikkje fylkestingsval. (Valdirektoratet, 2022a). Det er fordi Oslo både er ein eigen kommune og eit fylke. I kommunevalet vel innbyggarane i Oslo eit bystyre og bydelsutval i dei ulike bydelane.

Det er bystyret som er Oslo kommunes øvste organ, og som bestemmer politikken for utvikling av byen og tenestene til innbyggarane i Oslo.

Bydelsutvalet er det øvste politiske organet i kvar bydel, og har ansvaret for dei lokale kommunale sakene i bydelen, med eige budsjett for dette (Oslo kommune, 2022).

Oslo kommune. (2022, 26. oktober). Politikk. Henta frå oslo.kommune.no: https://www.oslo.kommune.no/politikk/ 

Valdirektoratet. (2022a, 25. april (henta 10. oktober 2022)). Fylkestingsvalg. Henta frå valg.no: https://www.valg.no/om-valg/valgene-i-norge/fylkestingsvalg/

Valdirektoratet. (2022b, 11. oktober (henta 10. oktober 2022)). Kommunestyrevalg. Henta frå valg.no: https://www.valg.no/om-valg/valgene-i-norge/kommunestyrevalg/