Valgurne med stemmeseddel, illustrasjon

Valdeltakinga blant dei yngre veljarane i aldersgruppene 18–19 år og 20–24 år er lågare enn for dei andre aldersgruppene i statistikken. Vi ser også at dei aller yngste veljarane (18–19 år) i større grad røystar enn dei i aldersgruppa 20–24 år.

Det at valdeltakinga er lågare for dei i alderen 20–24 år, slik tabell 2 viser, kan kome av at veljarar i 20-åra i større grad er i ein overgangsfase i livet. Dei kan ha flytta heimanfrå for å ta utdanning eller gjennomføre militærteneste. Slike overgangsfasar er gjerne knytte til mindre interesse for politikk og då lågare valdeltaking. Når dei unge seinare byrjar å arbeide, stiftar familie og blir integrerte i eit lokalmiljø, stig deltakinga igjen (Kleven, 2019).

For dei siste vala ser tala slik ut:

Kleven og Segaard (2024) seier at Høgre og Framstegspartiet (Frp) var dei partia som gjekk mest fram i 2023-valet. Desse partia mobiliserte blant anna ein relativt stor andel blant heimesittarane i 2019. Blant veljarane som først fekk røysterett i 2023 – førstegongsveljarar – oppgav mange at dei stemte Frp, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet Dei Grøne eller Venstre. I andre enden ser vi at førstegongsveljarane i mindre grad røysta på Arbeiderpartiet og Senterpartiet. Blant dei unge, som det er mange av blant førstegongsveljarane, auka Høgre og Frp si oppslutning samanlikna med valet i 2019. Frp auka spesielt mykje blant unge menn.   

 

Figur 5. Oppslutning om partiene etter kjønn og aldersgrupper. Kommunestyrevalget 2023. Prosent

Etter valet i 2023 var 4,3 prosent av dei mannlege kommunestyremedlemmene i Noreg i aldersgruppa 18–29 år. Andelen for kvinner var også 4,3 prosent (Statistisk sentralbyrå, 2024, 11. januar).

Gjer no oppgåvene B og C som du finn nedst på sida.

Kleven, Ø. (2019, 4. februar). Lav valgdeltakelse blant unge voksne. Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/valg/artikler-og-publikasjoner/lav-valgdeltakelse-blant-unge-voksne 

Kleven, Ø. (2022, 4. januar). Miljøpartier gjør det godt blant de yngre. Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/valg/artikler-og-publikasjoner/miljopartier-gjor-det-godt-blant-de-yngre 

Kleven, Ø (SSB) og Seegard S. B. (ISF). (2024, 19. januar). 4 av 10 byttet parti. Statistisk sentralbyrå. https://www.ssb.no/valg/kommunestyre-og-fylkestingsvalg/statistikk/kommunestyre-og-fylkestingsvalget-velgerundersokelsen/artikler/4-av-10-byttet-parti

Statistisk sentralbyrå. (2023, 1. november). Valgdeltakelse. Henta frå ssb.no: Valgdeltakelse (ssb.no)

Statistisk sentralbyrå. (2023, 8. november). Valgresultat for kommunestyre- og fylkestingsvalget. Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/valg/kommunestyre-og-fylkestingsvalg/statistikk/valgresultat-for-kommunestyre-og-fylkestingsvalget 

Statistisk sentralbyrå. (2024). Valg. Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/valg/faktaside/valg

Statistisk sentralbyrå. (2024, 11. januar). Kommunestyre- og fylkestingsvalget, kandidater og representanter. Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/valg/kommunestyre-og-fylkestingsvalg/statistikk/kommunestyre-og-fylkestingsvalget-kandidater-og-representanter

Statistisk sentralbyrå. (2024, 19. januar). Kommunestyre- og fylkestingsvalget, velgerundersøkelsen. Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/valg/kommunestyre-og-fylkestingsvalg/statistikk/kommunestyre-og-fylkestingsvalget-velgerundersokelsen