Dei som har røysterett ved fylkestings- og kommuneval er då:
- Norske statsborgarar som har fylt 18 innan utgangen av valåret og som er, eller har vore, folkeregistrert som busett i Noreg.
- Utanlandske statsborgarar som har vore folkeregisterert som busett i Noreg dei tre siste åra før valdagen.
- Statsborgarar frå eit anna nordisk land som har blitt folkeregistrert som busett i Noreg seinast 30. juni i valåret (Regjeringen.no, 2017, Statistisk sentralbyrå, 2023).
Korleis har tal over ulike grupper med røysterett forandra seg frå kommunestyre- og fylkestingsvala i 1999 til 2023?
Dei gruppene som har hatt størst auke i antal med røysterett, er utanlandske statsborgarar og norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn (Statistisk sentralbyrå , 2023, statistikkbanktabell 05453).
Dersom vi ser på aldersgrupper, så har auken i prosent vore størst for gruppa for røysteføre over 67 år (Statistisk sentralbyrå, 2023, statistikkbanktabell 05453). Dette kjem av at den norske befolkninga stadig blir eldre.
Hugsar du no kven som har røysterett ved fylkestings- og kommuneval? Kva må i tillegg vere oppfylt for at ein skal kunne røyste ved stortingsvala? Svara finn du heilt i starten av denne delen.
Statistisk sentralbyrå. (2023, 17. oktober). Personer med stemmerett. Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/valg/stortingsvalg/statistikk/personer-med-stemmerett