Vi hadde førre stortingsval i Noreg i 2021, og det neste stortingsvalet er i 2025. Det førre kommunestyre- og fylkestingsvalet var i september 2023. Så då blir det neste valet til kommunestyre og fylkesting i september 2027.
Når du røystar til kommunestyrevalet, kan du samtidig røyste til fylkestingsvalet. Då vel du ein røystesetel til kommunestyrevalet og ein til fylkestingsvalet. Røystesetelen er ei liste for eitt politisk parti, med namn på dei personane i partiet som er på val, nummerert slik partiet ønsker at dei skal veljast.
Til vala til fylkesting og kommunestyre kan du endre rekkefølgja på personane som står på lista til det partiet du vel å røyste på. Slike røyster kallar vi for personrøyster. Til kommunestyreval kan du også føre opp personar frå andre parti på lista til det partiet du røystar på, og det kallar vi slengarar (Regjeringen.no, 2017).
I Oslo er det ikkje fylkestingsval, men val til kommunestyret og bydelar (Valdirektoratet, 2022a).
Som for stortingsval så får dei politiske partia inn representantar i fylkesting og kommunestyre ut frå kor mange røyster dei får. Det kjem av at vi i Noreg har eit representativt demokrati og vel dei som skal representere oss (Valdirektoratet, 2022a).
Veldig forkorta kan vi altså seie at mandata, eller kor mange representantar, kvart parti får inn i fylkesting eller kommunestyre blir fordelte etter kor mange røyster partia får i kvart val. Dette kallar vi forholdstalsval.
Prinsippa om eit representativt demokrati og forholdstalsval gjeld også for stortingsvala og sametingsvala. Sjølve fordelinga av røystene til mandat eller representantar ved vala i Noreg blir gjord etter ein matematisk metode som blir kalla for St. Laguës modifiserte metode (Regjeringa.no, 2017).
De kan lese meir om korleis representantar blir valde og fordelte etter St. Laguës modifiserte metode på Valdirektoratets side «Valgene i Norge», under valoppgjer på kvar av sidene for fylkesting og kommunestyre, og på Regjeringen.no.
I Noreg kan du røyste på sjølve valdagen i røystelokalet. Du kan også røyste før dette – altså førehandsrøyste. Som for stortingsvala har det vore ei stor endring ved kommunestyrevala i om ein vel å røyste på førehand eller å røyste i vallokalet på valdagen. I 2023 var 49,1 prosent av røystene ved kommunestyrevalet førehandsrøystar, og det tilsvarande talet for stortingsvalet i 2021 var 57,9 prosent (Statistisk sentralbyrå, 2024).
Gjer no oppgåve A som du finn nedst på sida. I oppgåva skal du forklare fem omgrep og svare på fem spørsmål.
Regjeringen.no. (2017, 2. mai). Den norske valgordningen i hovedtrekk. https://www.regjeringen.no/no/tema/valg-og-demokrati/den-norske-valgordningen/valgordningen/id456636/#valgoppgjoer Statistisk sentralbyrå. (2024). Valg. https://www.ssb.no/valg/faktaside/valg Valdirektoratet. (2022a, 25.april (henta 10. oktober 2022)). Fylkestingsvalg. https://www.valg.no/om-valg/valgene-i-norge/fylkestingsvalg/ Valdirektoratet. (2022b, 11. oktober (henta 10. oktober 2022)). Kommunestyrevalg. https://www.valg.no/om-valg/valgene-i-norge/kommunestyrevalg/