Det finst også ein bokmålsversjon av undervisningsopplegget.
I undervisningsopplegget får elevane kunnskap om:
- reallikninga
- korleis vi måler verdiskaping i nasjonalrekneskapen
- korleis Statistisk sentralbyrå (SSB) definerer dei sentrale økonomiske omgrepa som inngår i reallikninga
- inflasjon, og kva faste og løpande prisar er
- materiell levestandard i Noreg samanlikna med andre land
- Noregs handel med utlandet
Elevane får øving i å jobbe med statistikk om emna gjennom oppgåveløysing. De kan velje å bruke berre nokre av delane til undervisningsopplegget. De vurderer sjølv når de ber elevane om å løyse oppgåvene åleine, i par, i grupper og i heil klasse.
Lærarar kan få fasit til omgrepsoppgåva og taldelen av oppgåvene ved å skrive til skole@ssb.no.
- Kjenne til reallikninga og samanhengane han uttrykker
- Kunne bruke reallikninga til å analysere sentrale samanhengar mellom tilgangen på og bruken av varer og tenester i økonomien
- Ha kunnskap om tala for Noreg for dei sentrale storleikane i reallikninga og om Noregs handel med utlandet
- Lære sentrale makroøkonomiske omgrep knytt til reallikninga og BNP
- Kunne definere inflasjon, faste og løpande prisar
- Kjenne til bruk av BNP i samanlikningar av materiell levestandard mellom ulike land
Opplegget er laga for elevar som tek Samfunnsøkonomi 1 og tek utgangspunkt i læreplan SOK01-03 Samfunnsøkonomi (udir.no).
Meld deg på nyheitsbrev og få tips om relevant innhald på ssb.no.