Kva er reallikninga? Ho er svært sentral i samfunnsøkonomien fordi likninga utrykker samanhengen mellom tilgangen på og bruken av varer og tenester i økonomien. I reallikninga må tilgangen vere lik bruken, og reallikninga er derfor ein identitet der vi set likskapsteikn mellom tilgangen av varer og tenester og forbruket.
Reallikninga i ein lukka økonomi
Korleis ser dette ut dersom vi ser for oss at vi er innbyggarar i det einaste landet i verda, eller i ein økonomi som er lukka overfor utlandet? Dette er ei verd kor landa ikkje handlar med kvarandre.
Hvis verda hadde vore slik, ville den økonomiske situasjonen for Noreg ha vore at vi berre kan bruke dei verdiane som blir skapte anten til forbruk eller til å investere i varige, fysiske verdiar (fast realkapital).
På fagspråket til økonomar bruker vi ofte ordet konsum for forbruk. Eksempel på konsum (forbruket) er kjøp av matvarer og frisørtenester. Eksempel på ei Mer presist er ei bruttoinvestering lik kjøp av ny fast realkapital, pluss kjøp av eksisterande (gammal) fast realkapital og minus sal av eksisterande (gammal) fast realkapital. Bruttoinvestering tar ikkje høgd for nedgang i verdien for (depresiering av) den faste realkapitalen. For meir informasjon, sjå Begreper i nasjonalregnskapet, lenka finn du i kjeldene nedst på nettsida.er kjøp av bustad.
I vår lukka økonomi ser reallikninga slik ut:
(a) Verdiskapinga i landet = Konsum + Bruttoinvestering
Reallikninga i ein open økonomi
Men den verkelege verda er ikkje lukka. Noreg handlar med andre land: Vi sel og kjøper varer og tenester. Eller sagt på ein annan måte: Noreg eksporter og importerer. Vi seier gjerne at Noreg er ein open økonomi. I den opne økonomien er reallikninga slik:
(b) Verdiskapinga i landet + Import = Konsum + Bruttoinvestering + Eksport eller
(c) Verdiskapinga i landet = Konsum + Bruttoinvestering + Eksport -Import
I (c) har vi flytta import over til den andre sida av likskapsteiknet, og då byter import forteikn.
Ettersom vi gjerne deler opp økonomien i privat og offentleg sektor, kan vi seie at:
(d) Verdiskapinga i landet (Y) + Import (Q) = Private sitt konsum (C) + Offentleg sektor sitt konsum (G) + Brutto investering (I) + Eksport (X)
I likninga i d) har vi sett symbol som ofte blir brukte for reallikninga i parentes. Vi kan altså få tilgang på varer og tenester både gjennom det vi skaper i vårt eige land og gjennom vare- og tenesteimporten. Vi kan bruke dei varene og tenestene vi har tilgang på til konsum og investering i offentleg og privat sektor og til eksport. I figur 1 ser du tala for dei ulike storleikane i reallikninga slik dei er i nasjonalrekneskapen for Noreg for 2024. Merk at i nasjonalrekneskapen blir verdiskapinga for Noreg målt gjennom storleiken "Bruttonasjonalprodukt" (BNP). Du kan lære meir om BNP i del 3.
Figur 1. Realligningen i ein open økonomi
Figuren er ein illustrasjon av reallikninga i ein open økonomi. Figuren seier at vi får tilgang på varer og tenester både gjennom det vi skaper i vårt eige land og gjennom vare- og tenesteimporten. Og at vi bruker dei varene og tenestene vi har tilgang på til konsum og investering i offentleg og privat sektor og til eksport. Figuren viser at samla tilgang= samla bruk Samla tilgang, dei enkelte komponentane med talverdiar for 2024 i løpande prisar: Verdiskapinga i landet/Bruttonasjonalproduktet (BNP) (symbol Y) = 5 197 milliardar kroner + Import (symbol Q): 1 760 milliardar kroner Samla bruk, dei enkelte komponentane med talverdiar for 2024: Privat konsum (symbol: C) = 2 051 milliardar kroner Offentleg konsum (symbol: G) = 1 184 milliardar kroner Bruttoinvestering (symbol: I) = 1 254 milliardar kroner Eksport (symbol X) = 2 468 milliardar kroner Kjelde: Statistikkbanktabell 09189 Makroøkonomiske hovedstørrelser
Gjer oppgåve A og lær korleis omgrepa i reallikninga blir definerte i nasjonalrekneskapen. Gjer også oppgåve B og lær meir om tala frå nasjonalrekneskapen i reallikninga.
Statistisk sentralbyrå. (2025). Begreper i nasjonalregnskapet. https://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/metoder-og-dokumentasjon/begreper-i-nasjonalregnskapet Statistisk sentralbyrå. (2025). Nasjonalregnskap. Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/nasjonalregnskap/statistikk/nasjonalregnskap