Mynter og person, illustrasjon

Inflasjon er eit anna ord for vekst i prisar over tid og refererer som oftast til endring i konsumprisindeksen (KPI). Særleg er vi interesserte i inflasjon fordi inflasjonen påverkar kor mykje vi får for pengane våre, også kalla kjøpekrafta vår.

Prisane i ein marknadsøkonomi som den norske stig vanlegvis over tid. KPI viser at frå 1970 til april 2025 har dei faktiske prisane på varer og tenester vakse med omtrent  970 prosent.

Nasjonalrekneskapens andre mål for prisstigning

Nasjonalrekneskapen gjev eit oversiktsbilete av økonomien for heile Noreg. Her finn vi tal for alt vi produserer, forbruker, investerer, importerer og eksporterer. Nasjonalrekneskapen omfattar altså mange fleire varer og tenester enn det som vert målt i KPI, som berre har med hushalda sitt forbruk.

Vi treng derfor andre mål for prisstigning enn KPI i nasjonalrekneskapen. Dette gjer vi fordi dei varene og tenestene vi har i nasjonalrekneskapen, også er andre varer og tenester enn dei som KPI måler prisstigninga for, som er konsum-/forbruksvarer. For eksempel er varene og tenestene som er med i bruttoinvesteringane i reallikninga, andre enn dei som hushalda konsumerer. Vi bruker også prisindeksar som byggekostnadsindeksar, produsentprisindeksen for varer (PPI) og produsentprisindeksen for tenester (SPPI).

Kva er tal i løpande og faste prisar?

I tillegg til tal i nasjonalrekneskapen for varer og tenester i faktiske eller løpande prisar har vi behov for tal som viser utviklinga over tid for storleikane i reallikninga når vi fjernar prisstigninga. Til dette treng vi tal i det vi kallar faste prisar. Men kva er løpande og faste prisar? For å svare på dette tek vi utgangspunkt i definisjonar i nasjonalrekneskapen.

Verdital i løpande prisar: Verdital målt i prisar som gjeld for den same perioden som transaksjonane blir registrerte. Sagt enklare: Løpande priser er dei faktiske prisane som vi må betale for varer og tenester i kvar tidsperiode.

Som definisjonen seier, så har vi bruk for desse tala for å vite verdien av det vi produserer, forbruker, investerer, eksporterer og importerer for eksempel i eit bestemt år. Vi bruker for eksempel BNP-tal i løpande prisar per innbyggar for å samanlikne den materielle levestandarden mellom ulike land. Det kan de lese meir om i del 3.

Verdital i faste prisar: Verdital der vi har fjerna effektane av prisstigninga. For alle åra i ei tidsserie refererer tala i faste prisar seg til prisen i eit bestemt år.

Verdital i faste prisar er rekna om til eit bestemt årstall, slik at effekten av prisstigning er tatt bort. Årstalet vi bruker, kallar vi for eit basisår, og prisane blir inflasjonsjusterte i forhold til dette basisåret. Med faste prisar kan vi dermed samanlikne det reelle volumet av varer og tenester i ulike periodar.

Fastpristala bruker vi blant anna til å analysere den økonomiske veksten over tid, målt ved BNP. Vi seier at endring frå eit år til det neste i BNP i faste prisar måler kor mykje meirverdien av den produserte mengda (volumet) aukar. Eller: Tala for verdiskapinga (BNP) i faste prisar inneheld ikkje inflasjon og uttrykker derfor ein reell auke i volum av varer og tenester.

Figur 2 viser veksten for BNP gjennom 2022, 2023 og 2023 målt i både faste og løpande prisar. Her er 2022 det året verdiar for BNP i faste prisar refererer til.

Figur 2. Bruttonasjonalprodukt (BNP) i markedsverdi. Faste og løpende priser. 1. kvartal 2022 til 4. kvartal 2024

Lær meir om inflasjon, faste og løpande prisar ved å løyse oppgåvene C og D .

Aursand, P. (2022, 15. september). Hva er inflasjon?   ssb.no: https://www.ssb.no/priser-og-prisindekser/konsumpriser/artikler/hva-er-inflasjon

Hadler-Olsen, T., Mc Mahon, L. D. (2024, 3. desember). Inflasjon og prisindekser. NDLA. https://ndla.no/article/41762

Statistisk sentralbyrå. (2014). Begreper i nasjonalregnskapet. https://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/metoder-og-dokumentasjon/begreper-i-nasjonalregnskapet

Statistisk sentralbyrå. (2025). Nasjonalregnskaphttps://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/nasjonalregnskap/statistikk/nasjonalregnskap

Sørensen, Knut Ø (2017). Volum- og prisendring i nasjonalregnskapet Beregninger av nasjonalregnskapet i faste priser (SSB Notater 2017/14). ssb.no: https://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/artikler-og-publikasjoner/volum-og-prisendring-i-nasjonalregnskapet