Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Dårlegast samarbeidsklima i offentleg verksemd
Offentleg verksemd kjem dårlegare ut enn andre næringar både når det gjeld samarbeidsrelasjonar mellom leiing og tilsette og mellom tilsette.
I mai 2001 kom dei første resultata frå Levekårsundersøkinga 2000, med arbeidsmiljø som tema. Då var fokus på organisatorisk- og fysisk arbeidsmiljø og lønnsforhold og utviklingsmoglegheiter i jobben, for menn og kvinner i ulike aldersgrupper. Vi presenterer no tal for to nye område; nemleg fagorganisering og helse og sjukefråvær. Vi presenterer tal for ulike verksemdstorleikar, ulike næringar og arbeidstidsordningar, i tillegg til tal for kvinner og menn i ulike aldersgrupper. Tal for ulike yrkesgrupper vil også bli frigitt i løpet av året.
Dårlegast samarbeidsklima i offentleg verksemd
I overkant av tre av ti blant alle tilsette opplever ofte eller av og til konfliktar mellom dei tilsette og leiinga. I offentleg verksemd, som består av næringane offentleg forvaltning, undervisning, helsetenester, sosial- og omsorgstenester, opplever 36 prosent av dei tilsette konfliktar med leiinga.
Også mellom tilsette er det ofte eller av og til konfliktar i offentleg verksemd. 24 og 26 prosent av dei tilsette rapporterer om konfliktar mellom tilsette, mot 18 prosent blant alle tilsette.
Til tross for at det vert rapportert om fleire konfliktar i offentleg verksemd, meiner minst ni av ti at dei har eit godt sosialt miljø på jobben. Om lag ni av ti tilsette i offentleg verksemd er også tilfreds med jobben sin.
Tilsette i dei minste verksemder har mest sjølvstyre...
I overkant av tre av ti tilsette i verksemder med 1-19 tilsette gjev opp at dei i høg grad kan bestemme kva for slags arbeidsoppgåver dei skal få, mot 25 prosent av alle tilsette. Seks av ti gjev opp at dei i høg grad kan bestemme korleis dei skal utføre arbeidet og 43 prosent kan bestemme tidsfristar og eige arbeidstempo. Også når det gjeld ferie og fridagar har tilsette i dei minste bedriftene større grad av sjølvstyring enn tilsette i større bedrifter. Men tendensen i dei små bedriftene er lik tendensen hos alle tilsette: grad av sjølvstyre har gått ned frå 1996 til 2000.
...og betre samarbeidsklima enn tilsette i større verksemder
Medan i overkant av tre av ti blant alle tilsette ofte eller av og til opplever konfliktar mellom dei tilsette og leiinga, gjeld dette berre for to av ti tilsette i verksemder med 1-19 tilsette. Det er også sjeldnare konfliktar mellom tilsette og mellom tilsette og kundar/klientar.
Færre har verneombod og arbeidsmiljøutval
Prosentdel sysselsette som arbeider i verksemder med verneombod har gått ned frå 76 til 73 prosent frå 1996 til 2000. Også prosentdel sysselsette i verksemder med arbeidsmiljøutval har gått ned, frå 55 til 51 prosent.
Stabilt medlemskap i fagrørsle
57 prosent av alle tilsette er medlem i fagrørsle i 2000. Dette er same tal som i 1996. Det er fleire kvinner enn menn som er fagorganiserte. Seks av ti kvinnelege tilsette er fagorganiserte mot 54 prosent mannlege tilsette.
Det er flest fagorganiserte i bedrifter med 200 og fleire tilsette. 92 prosent av dei tilsette i desse bedriftene er fagorganiserte mot 45 prosent i bedrifter med 1-19 tilsette.
Det er flest organiserte i offentleg forvaltning, undervisning og bergverk og kraft. Mens om lag åtte av ti er fagorganiserte i desse næringane, er i underkant av seks av ti av alle tilsette organiserte.
Jobbrelaterte helseproblem
Mange har muskel- og skjelettplager som dei meiner kjem av noverande arbeidssituasjon. Mest utbredt er smerter i nakke, skuldrer eller øvre del av ryggen. Ser vi alle typar muskel- og skjelettplager under eitt, ser vi ein liten nedgang frå 1996 til 2000. 24 prosent hadde muskel- og skjelettplager i 1996 som dei meinte kom av dåverande arbeidssituasjon, mot 20 prosent i 2000.
Kvinner rapporterer muskel- og skjelettplager i større grad enn menn. Særlig kvinner i alderen 45-66 år er plaga av muskel- og skjelettsmerter som dei meiner kjem av jobben. Nær tre av ti kvinner i alderen 45-66 år gjev opp at dei er plaga, mot 15 prosent blant menn i same aldersgruppe.
27 prosent av alle sysselsette sa at dei kjende seg nedfor ein gong i månaden eller oftare på grunn av kritikk eller vanskar på jobb. Kvinner opplever dette i større grad enn menn. Men berre 3 prosent av alle sysselsette svarte at dei i høg grad dagleg opplevde arbeidet sitt som ei psykisk påkjenning.
Meir alvorlege plagar som angst og depresjon som kjem av noverande jobb, er også betydeleg mindre vanleg. 1 prosent av alle sysselsette var plaga av angst og depresjon eller kjensle av nedtryktleik på grunn av noverande jobb.
Tabeller:
- Tabell 1 Fysisk arbeidsmiljø for sysselsette i ulike aldersgrupper. Alle 16-66 år. Prosent
- Tabell 2 Fysisk arbeidsmiljø for sysselsette i ulike aldersgrupper. Menn 16-66 år. Prosent
- Tabell 3 Fysisk arbeidsmiljø for sysselsette i ulike aldersgrupper. Kvinner 16-66 år. Prosent
- Tabell 4 Fysisk arbeidsmiljø for sysselsette i bedrifter med ulik storleik. 16-66 år. Prosent
- Tabell 5 Fysisk arbeidsmiljø for sysselsette i ulike næringar. 16-66 år. Prosent
- Tabell 6 Fysisk arbeidsmiljø for sysselsette etter ulike arbeidstidsordningar. 16-66 år. Prosent
- Tabell 7 Organisatorisk arbeidsmiljø i ulike aldersgrupper. Alle 16-66 år. Prosent
- Tabell 8 Organisatorisk arbeidsmiljø i ulike aldersgrupper. Menn 16-66 år. Prosent
- Tabell 9 Organisatorisk arbeidsmiljø i ulike aldersgrupper. Kvinner 16-66 år. Prosent
- Tabell 10 Organisatorisk arbeidsmiljø i bedrifter med ulik storleik. 16-66 år. Prosent
- Tabell 11 Organisatorisk arbeidsmiljø i ulike næringar. 16-66 år. Prosent
- Tabell 12 Organisatorisk arbeidsmiljø etter ulike arbeidstidsordningar. 16-66 år. Prosent
- Tabell 13 Løn og utdanning i ulike aldersgrupper. Alle 16-66 år. Prosent
- Tabell 14 Løn og utdanning i ulike aldersgrupper. Menn 16-66 år. Prosent
- Tabell 15 Løn og utdanning i ulike aldersgrupper. Kvinner 16-66 år. Prosent
- Tabell 16 Løn og utdanning i bedrifter med ulik storleik. 16-66 år. Prosent
- Tabell 17 Løn og utdanning i ulike næringar. 16-66 år. Prosent
- Tabell 18 Løn og utdanning etter ulike arbeidstidsordningar. 16-66 år. Prosent
- Tabell 19 Arbeidsmiljøaktivitetar og fagforeiningsverksemd for sysselsette i ulike aldersgrupper. Alle 16-66 år. Prosent
- Tabell 20 Arbeidsmiljøaktivitetar og fagforeiningsverksemd for sysselsette i ulike aldersgrupper. Menn 16-66 år. Prosent
- Tabell 21 Arbeidsmiljøaktivitetar og fagforeiningsverksemd for sysselsette i ulike aldersgrupper. Kvinner 16-66 år. Prosent
- Tabell 22 Arbeidsmiljøaktivitetar og fagforeiningsverksemd for sysselsette i bedrifter med ulik storleik. 16-66 år. Prosent
- Tabell 23 Arbeidsmiljøaktivitetar og fagforeiningsverksemd for sysselsette i ulike næringar. 16-66 år. Prosent
- Tabell 24 Arbeidsmiljøaktivitetar og fagforeiningsverksemd for sysselsette etter ulike arbeidstidsordningar. 16-66 år. Prosent
- Tabell 25 Helse og sjukefråver i ulike aldersgrupper. Alle 16-66 år. Prosent
- Tabell 26 Helse og sjukefråver i ulike aldersgrupper. Menn 16-66 år. Prosent
- Tabell 27 Helse og sjukefråver i ulike aldersgrupper. Kvinner 16-66 år. Prosent
- Tabell 28 Helse og sjukefråver i bedrifter med ulik storleik. 16-66 år. Prosent
- Tabell 29 Helse og sjukefråver i ulike næringar. 16-66 år. Prosent
- Tabell 30 Helse og sjukefråver etter ulike arbeidstidsordningar. 16-66 år. Prosent
Tilleggsinformasjon
For omtale av datainnsamling og spørreskjemaer, se: Levekårsundersøkelsen om arbeidsmiljø 2013 - Dokumentasjonsrapport
Kontakt
-
Mari Lande With
E-post: mari.lande.with@ssb.no
tlf.: 98 43 36 65
-
Håvard Bergesen Dalen
E-post: havard.dalen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 50