I underkant av 97 200, eller 9,5 prosent, i alderen 15–29 år var utanfor arbeid, utdanning og arbeidsmarknadstiltak (NEET) i 4. kvartal 2022.  

Konsultasjonar grunna I allmennlegetenesta blir sjukdomar, plager og enkelte andre grunnar til å oppsøka lege klassifisert etter eit eige kodeverk kalla ICPC-2. Det kan vera fleire diagnosar ved ein konsultasjon, men legane har då gitt opp ein hovuddiagnose, og det er denne som blir brukt i statistikken. psykisk sjukdom eller lidingar utgjorde 25,3 prosent av alle konsultasjonar hos fastlege og legevakt for NEET-gruppa i 2022. Tilsvarande tal var 12,7 prosent blant dei i jobb, under utdanning eller på arbeidsmarknadstiltak (aktive). Desse prosentdelane var omtrent dei same i 2021.

– Mens mange legekonsultasjonar blant unge utanfor skuldast psykisk sjukdom eller lidingar, var det blant dei aktive meir vanleg med konsultasjonar på grunn av luftvegsinfeksjonar og korona, seier seniorrådgivar Trond Ekornrud i Statistisk sentralbyrå.

13,0 prosent av alle konsultasjonane til dei aktive var grunna luftvegsinfeksjonar i 2022. Denne prosentdelen auka frå 8,5 prosent i 2021. Av konsultasjonane i NEET-gruppa var det i 2022 berre 5,8 prosent som gjaldt luftvegsinfeksjonar.

Konsultasjonar grunna korona, både mistanke om og påvist covid-19, utgjorde òg ein større prosentdel av konsultasjonane blant aktive enn blant NEET-gruppa – 7,2 mot 3,5 prosent i 2022. Desse prosentdelane var relativt stabile frå 2021 til 2022 for både dei aktive og NEET-gruppa.

I denne artikkelen ser vi på summen av konsultasjonar hos fastlege og legevakt. Av dei samla konsultasjonane for fastlege og legevakt i 2022 utgjorde fastlegekonsultasjonar den klart største delen med om lag 90 prosent, mens legevakt utgjorde 10 prosent. Dette forholdstalet var nokså stabilt i heile perioden 2015–2022.

Ein konsultasjon inneber vanlegvis eit fysisk møte mellom helsepersonell og pasient og at dei gjer ei utreiing, men inkluderer òg elektroniske konsultasjonar. For konsultasjonar hos fastlege og legevakt tek takstutvalet utgangspunkt i Den Norske Legeforening si «Forskrift om endring av forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos lege».

Følgjande takstar er inkluderte for å definere konsultasjonar hos fastlege

2ad – Konsultasjon hos allmennpraktiserande lege, dagtakst

2ak – Konsultasjon hos allmennpraktiserande lege, kveldstakst

2ed – Gruppebehandling per pasient for rettleiing, instruksjon i eigenbehandling og bygging av sjølvhjelpsnettverk innanfor ei gruppe av pasientar med kroniske sjukdomar eller funksjonshemmingar

2ae – Elektronisk konsultasjon.

Følgjande takstar er inkludert for å definera konsultasjonar hos legevakt

2ad – Konsultasjon hos allmennpraktiserande lege, dagtakst

2ak – Konsultasjon hos allmennpraktiserande lege, kveldstakst

2fk – Konsultasjon og utrykking til kontor v. augeblikkeleg hjelp under legevakt 2nk - Utrykking frå legen sin heim til kontoret ved tilstadevakt om natta

 

For meir utfyllande informasjon om korleis konsultasjonar frå KUHR-data blir definert, sjå «Om statistikken» til «Allmennlegetjenesten».

NEET-gruppa går generelt meir til legen

Ein del av NEET-gruppa bruker fastlege og legevakt mykje. 22,3 prosent hadde 5 eller fleire konsultasjonar i løpet av 2022, samanlikna med 19,6 prosent av dei aktive.

Det gjer at gjennomsnittleg tal på konsultasjonar er høgare blant unge i NEET-gruppa enn blant dei aktive – 3,1 mot 2,8 konsultasjonar i 2022.

Figur 1. Gjennomsnittleg tal på legekonsultasjonar per person i løpet av året. NEET og aktive i befolkninga 15–29 år per 4. kvartal. 2015–2022

Med ein forskjell på 0,3 konsultasjonar i 2022 var det ei halvering av forskjellen mellom dei to gruppene i alle dei føregåande åra i perioden 2015–2021, som låg på 0,5–0,7 konsultasjonar.

– At forskjellen i talet på konsultasjonar var mindre mellom NEET-gruppa og dei aktive i 2022 enn tidlegare år, kom av at talet på konsultasjonar blant dei aktive auka frå 2021 til 2022, mens talet gjekk ned i NEET-gruppa. Det kan vere fleire årsaker til dette. Blant anna ser vi ein auke i bruken av fastlege blant aktive i perioden 2020–2022 etter koronapandemien, og då særleg i konsultasjonar grunna luftvegsinfeksjonar, seier Trond Ekornrud.

I NEET-gruppa ser vi ein nedgang i talet på gjennomsnittleg konsultasjonar per person, men som er meir på nivå med før pandemien. Nytilkomne flyktningar frå Ukraina utgjorde ein større del av NEET-gruppa i 2022 enn i 2021. Desse kom gjerne til Noreg seint i 2022 og brukte legetenestene mindre enn den resterande delen av NEET-gruppa. Sjølv når vi tar ut ukrainarar frå datagrunnlaget, ser vi omtrent same utvikling i talet på konsultasjonar i NEET-gruppa og blant dei aktive som når vi inkluderer ukrainarane.

NEET er ei forkorting av «Not in Education, Employment or Training» som blir brukt om ungdom utanfor arbeid, utdanning og opplæring. I statistikken «Tilknytning til arbeid, utdanning og velferdsordninger» er NEET avgrensa til busette i alderen 15–29 år som har følgande prioriterte arbeidsstyrkestatusar: registrerte arbeidsledige, mottakarar av arbeidsavklaringspengar, uføretrygd og andre ordningar slik som etterlatnepensjon inkl. barnepensjon, kontantstøtte, overgangsstønad, sosialhjelp, og personar med nedsett arbeidsevne som ikkje er på tiltak. Også personar med ukjent status inngår i NEET-gruppa.

Å ha ukjent status i statistikken vil seie at dei er registrert som busett i Folkeregisteret, men vi finn dei ikkje igjen i nokre av registera over arbeid, utdanning og velferdsordningar. Nokre grunner til dette kan vere:

  • utvandring utan å melde frå til Folkeregisteret
  • nokre støtteordningar, til dømes sosialhjelp og kontantstøtte, blir gitt til heile hushaldet og kan dermed vere registrert på ein annan person i hushaldet
  • nokre ordningar er ikkje inkludert i datagrunnlaget, til dømes vaksenopplæring

Det betyr at ukjent-gruppa også inkluderer personar som har eit friår mellom vidaregåande og meir utdanning.

Dei som ikkje blir rekna som del av NEET, altså dei aktive, er sysselsette, personar under utdanning og deltakarar på arbeidsmarknadstiltak.

Det blir berekna éin status for den enkelte person sitt forhold til arbeidsmarknaden, utdanning og ytingar. For personar som er aktive i fleire statusar samtidig, blir den høgaste prioriterte statusen synleggjort. Det er den statusen med størst grad av nærleik til arbeidsstyrken som blir prioritert høgast, og midlertidige aktivitetar/ytingar blir prioritert over meir varige aktivitetar/ytingar.

Det betyr til dømes at personar som både er under utdanning og tek i mot uføretrygd blir rekna som under utdanning i statistikken. Slik sett er ikkje dei ulike statusane ei oppteljing av alle som til dømes tar i mot uføretrygd.

Det er også viktig å vete at nedsett arbeidsevne er ein føresetnad for å få innvilga arbeidsavklaringspengar. Personar som samstundes er på tiltak vil ha «Nedsett arbeidsevne, på tiltak» som prioritert arbeidsstyrkestatus, og dermed vere rekna som deltakar på arbeidsmarknadstiltak og som aktiv (ikkje-NEET). For personar som tek i mot arbeidsavklaringspengar, er registrert med nedsett arbeidsevne, men ikkje er på tiltak, får derimot arbeidsavklaringspengar som sin prioriterte status og er del av NEET-gruppa. Dette har bakgrunn i at «Nedsett arbeidsevne, ikkje på tiltak» er prioritert lågare enn «Arbeidsavklaringspengar». Du kan lese meir om prioritering av status under «Definisjoner» i «Om statistikken».

NEET-gruppa er samansett

Sjølv om mange i NEET-gruppa bruker dei kommunale legetenestene mykje, er det andre i NEET-gruppa som ikkje bruker tenestene i det heile tatt. Prosentdelen som ikkje har vore hos fastlege og legevakt (0 konsultasjonar) er større blant unge i NEET-gruppa samanlikna med dei aktive – 38,9 mot 26,5 prosent i 2022. Dette er ein forskjell på drygt 12 prosentpoeng, og er fordobla sidan 2015 og auka særleg mykje frå 2021 til 2022.

– Dei store forskjellane internt i NEET-gruppa har å gjere med at den er samansett. Mottakarar av arbeidsavklaringspengar går til dømes oftare til fastlege og legevakt enn registrerte arbeidsledige og personar med ukjent status, seier Trond Ekornrud.

Alle desse tre gruppene, saman med mottakarar av uføretrygd og andre ordningar slik som overgangsstønad eller sosialhjelp, er undergrupper av NEET. Dei med ukjent status er personar som er registrert som busett i Folkeregisteret, men som vi ikkje finn igjen i nokre av registera over arbeid, utdanning og velferdsordningar. Nokre av dei kan til dømes ha flytta frå landet utan å melde frå til Folkeregisteret, og nyttar dermed ikkje helsetenester i Noreg.

Det er òg forskjellar i talet på konsultasjonar mellom NEET-gruppa og dei aktive etter kjønn og alder. Dei relative forskjellane i bruken mellom dei to gruppene er størst blant kvinner og i dei eldste aldersgruppene 20–24 år og 25–29 år.

Mottakarar av arbeidsavklaringspengar bruker fastlege og legevakt mest

Heile 49,5 prosent av dei med arbeidsavklaringspengar (del av NEET-gruppa) som sin prioriterte arbeidsstyrkestatus hadde 5 eller fleire konsultasjonar i 2022. Berre 7,4 prosent av denne gruppa hadde ikkje vore hos fastlege eller legevakt i løpet av året.

Dette har nok bakgrunn i at arbeidsavklaringspengar er ei helserelatert yting som skal sikre inntekt i periodar der ein grunna sjukdom eller skade har behov for hjelp frå Nav. Då har ein gjerne på same tid også større behov for kontakt med helsetenestene, og det kan vere ein del av prosessen med å avklare moglegheitene for å kome i arbeid eller annan aktivitet.

Figur 2. Fordeling av talet på legekonsultasjonar per person i løpet av året, etter underliggande prioritert arbeidsstyrkestatus. NEET og aktive i befolkninga 15–29 år per 4. kvartal. 2022. Prosent

¹ Dei prioriterte arbeidsstyrkestatusane internt blant dei aktive og NEET-gruppa er sortert etter nærleik til arbeidsstyrken.

Av dei med ukjent status hadde over halvparten (55,8 prosent) ikkje oppsøkt fastlege eller legevakt i løpet av heile 2022. At dei har ukjent status betyr at dei er registrerte som busette i Folkeregisteret, men vi finn dei ikkje igjen i nokre av registera over arbeid, utdanning og velferdsordningar i 4. kvartal. Nokre av dei kan til dømes ha flytta frå landet utan å melde frå til Folkeregisteret, og nyttar dermed ikkje helsetenester i Noreg. At nokre likevel er registrert med besøk hos fastlege eller på legevakt kan skuldast konsultasjonar tidlegare på året før dei utvandra. Samtidig vil det også vere nokre med ukjent status som er i Noreg og som ikkje har brukt kommunale legetenester.

Både mottakarar av arbeidsavklaringspengar og personar med ukjent status er del av NEET-gruppa saman med registrerte arbeidsledige og mottakarar av uføretrygd og andre ordningar slik som overgangsstønad eller sosialhjelp. Som vi ser av figur 2 er det eit vidt spenn i talet på konsultasjonar mellom dei ulike kategoriane innanfor NEET-gruppa.

Blant dei aktive er det meir likskap. Av dei sysselsette og dei under ordinær utdanning var det høvesvis 25,4 og 29,6 prosent som ikkje hadde vore hos fastlege eller legevakt i løpet av 2022. Det same gjaldt for 22,3 prosent av dei på arbeidsmarknadstiltak.

Bruken av legetenester aukar med stigande alder både blant dei aktive og i NEET-gruppa

Talet for gjennomsnittleg konsultasjonar aukar med stigande alder i heile befolkninga i alderen 15–29 år i 2022. Dette gjeld både blant dei aktive og i NEET-gruppa uansett prioritert arbeidsstyrkestatus, utanom blant dei med ukjent status kor det er meir likt på tvers av aldersgruppene.

I visualiseringa nedanfor kan vi blant anna samanlikne talet på konsultasjonar blant dei aktive og NEET-gruppa innafor dei ulike aldersgruppene. Då ser vi at det i 2022 faktisk var dei aktive i aldersgruppa 15–19 år som brukte legetenestene meir enn NEET-gruppa (2,4 mot 2,1 konsultasjonar). I perioden 2015–2021 hadde derimot NEET-gruppa høgast gjennomsnitt.

Det er viktig å hugse at NEET-gruppa i perioden 2015–2022 berre utgjorde frå 4,0 til 5,5 prosent av alle i alderen 15–19 år, og det er dermed snakk om ei relativt lita gruppe. Sidan 15–19-åringar gjerne går på vidaregåande skole er det særleg ordinær utdanning og sysselsetting i kombinasjon med ordinær utdanning som dominerer som dei største prioriterte statusane og dreg opp prosentdelen aktive blant aldersgruppa 15–19 år.

I august 2016 blei det krav om å dokumentere sjukdom som grunn for fråvære frå undervisning i vidaregåande opplæring. Etter innføringa av dei nye fråværsreglane har bruken av fastlege auka stort i aldersgruppa 15–19 år samanlikna med andre aldersgrupper det er naturleg å samanlikna med. Dette er med på å dra opp talet for gjennomsnittleg konsultasjonar blant dei aktive i aldersgruppa 15–19 år og gjer forskjellane mindre til dei eldre aldersgruppene, og mellom dei aktive og NEET-gruppa blant 15–19-åringane, enn dei elles ville ha vore.

I 2020 ser vi tydeleg ein dupp i gjennomsnittleg tal på konsultasjonar blant dei aktive i aldersgruppa 15–19 år. Då blei det innført eit midlertidig unntak frå reglane om fråværsgrensa ut skoleåret 2019–2020 grunna koronapandemien. Desse blei forlenga også for skoleåra 2020–2021 og 2021–2022 (lovdata.no). Det betyr at frå hausten 2022 gjaldt fråværsreglane som tidlegare.

Figur 3

Arkfana «Kor ofte går personar til legen» viser utviklinga over tid (2015–2022) for ulike kombinasjonar av kjønn og aldersgrupper. Tidsserien i lilla viser gjennomsnittleg tal på legekonsultasjonar i løpet av året for dei som var utanfor arbeid, utdanning og arbeidsmarknadstiltak (NEET) i 4. kvartal, mens tidsserien i blått viser dei som var i arbeid, under utdanning eller på arbeidsmarknadstiltak (aktiv).

Arkfana «Understatus av NEET og aktive» gir moglegheit til å samanlikne dei ulike understatusane.

Brukarrettleiing

Bruk filtera for å endre kjønn, aldersgruppe og type konsultasjon. Du kan lese av verdiar ved å bevege markøren over dei ulike sirklane.

Nedst til høgre finn du ikon for å dele visualiseringa med andre, anten som URL eller kode for å bygge inn visualiseringa. Du kan også dele ei skreddarsydd visning. Klikk på nedlastingsikonet for å laste ned som bilete (.png, .pdf, .ppt) eller dataa (.xls eller .csv).

Metainformasjon
Informasjon om tala finst i statistikkane Tilknytning til arbeid, utdanning og velferdsordninger og Allmennlegetjenesten.

Talgrunnlag
Tala til denne visualiseringa ligg i denne Excel-fila.

Tilgjengelegheit

I denne interaktive visualiseringa testar vi ut presentasjon av tal frå Statistisk sentralbyrå på ein alternativ og visuell måte, og ein kan sjå på løysinga som ein pilot. Vi har lagt vekt på å utvikle slike visualiseringar med relativt liten ressursinnsats og brukt tredjepartsverktøy (her: Tableau Public). Føremålet er å få erfaring med nye formidlingsformer, samt få innspel frå brukarar.

Tenesta er optimalisert for større skjermar, og det kan vere interaktivitet som ikkje er like brukarvenleg på mobile klientar. Verktøyet oppfyller dei fleste krav til universell utforming, men datavisualiseringar er i seg sjølv mest nyttig for personar med synssans. Send ein førespurnad til kontaktpersonane dersom du ønskjer tilgang til dette innhaldet på ein alternativ måte.

I aldersgruppene 20–24 år og 25–29 år hadde NEET-gruppa fleire konsultasjonar enn dei aktive i heile perioden 2015–2022. Samtidig utgjorde NEET-gruppa ein stadig større del av dei ulike aldersgruppene, frå 4,4 prosent som nemnd blant 15–19-åringane, til 10,7 prosent av 20–24-åringane og 12,8 prosent av 25–29-åringane i 2022.

Også samansetninga av NEET-gruppa er ulik i dei forskjellige aldersgruppene. Blant dei yngste hadde til dømes 78,5 prosent av NEET-gruppa ukjent status, mens berre høvesvis 4,8 og 2,6 prosent var mottakarar av arbeidsavklaringspengar og uføretrygd.

Talet på konsultasjonar hos kommunale legetenester er, som nemnd, lågare blant dei med ukjent status, blant anna fordi ein del kan ha utvandra. Dette er med på å trekke ned talet for gjennomsnittleg konsultasjonar for 15–19-åringane.

53,6 prosent av NEET-gruppa i alderen 20–24 år hadde ukjent status, mens det same gjaldt for 47,9 prosent av 25–29-åringane som var i NEET. På den andre sida utgjorde mottakarar av arbeidsavklaringspengar og uføretrygd ein større del av NEET-gruppa i dei eldste aldersgruppene – høvesvis 14,4 og 11,8 blant 20–24-åringane og 14,0 og 19,3 prosent blant 25–29-åringane.

Slik sett trekk prosentdelen mottakarar av arbeidsavklaringspengar og uføretrygd opp gjennomsnittleg tal på konsultasjonar i dei eldste aldersgruppene.

Kvinner i NEET-gruppa bruker kommunale legetenester mest  

Blant kvinner i NEET-gruppa var gjennomsnittleg tal på konsultasjonar i løpet av 2022 på 3,9, mens tilsvarande tal var 3,6 blant kvinner i gruppa med unge aktive.

Blant menn var forskjellane i bruken mindre mellom NEET-gruppa og aktive – 2,2 mot 2,0 konsultasjonar.

Figur 4. Gjennomsnittleg tal på legekonsultasjonar per person i løpet av året, etter kjønn. Befolkninga 15–29 år i og utanfor arbeid, utdanning og arbeidsmarknadstiltak (aktive og NEET) per 4. kvartal. 2015–2022

Forskjellane mellom kvinner i NEET-gruppa og aktive kvinner var større i heile perioden 2015–2021 enn i 2022. Det same var tilfelle for menn, men her var forskjellane mindre enn hos kvinner.

Når det gjeld den store nedgangen for kvinner i NEET-gruppa frå 2021 til 2022, så er nytilkomne ukrainske flyktningar i NEET-gruppa med få konsultasjonar ei av årsakene. Som vi ser av figur 4 hadde kvinner i NEET-gruppa i gjennomsnitt 3,9 konsultasjonar i 2022. Dersom vi ser bort frå ukrainarane, var gjennomsnittet på 4,0 konsultasjonar.

Fordi det var fleire kvinner enn menn blant dei ukrainske flyktningane har det meir å seie for konsultasjonstala for kvinner enn for menn. Blant menn i NEET-gruppa var talet på konsultasjonar 2,2 både med og utan ukrainarar. Samtidig var ikkje gruppa med ukrainarar stor nok totalt sett til å slå ut på tala for begge kjønn, slik vi såg tidlegare i artikkelen.

I tillegg har det vore ein nokså stor nedgang i konsultasjonar grunna svangerskap, fødsel og prevensjon, som truleg heng saman med ein relativ stor nedgang i talet på fødde frå 2021 til 2022. Dette har naturleg nok noko å seie for konsultasjonstala blant kvinner og ikkje for menn. At vi berre ser nedgangen for NEET-gruppa kan ha å gjere med at nedgangen blant dei aktive har blitt motvirka av auken i konsultasjonar knytt til luftvegsinfeksjonar.

Vi har tidlegare sett at mottakarar av arbeidsavklaringspengar (del av NEET-gruppa) bruker kommunale legetenester meir enn andre. Det er fleire kvinner enn menn i alderen 15–29 år som har arbeidsavklaringspengar som sin prioriterte status – 7 000 mot 5 500 i 2022. I tillegg gjekk desse kvinnene meir til fastlege og legevakt enn menn med same status – 7,7 mot 4,7 konsultasjonar. Men uansett prioritert arbeidsstyrkestatus har kvinnene fleire konsultasjonar enn mennene.

Bakgrunnen for denne artikkelen er ein liknande analyse blant unge i Danmark utført av Danmarks statistikk frå 2023 kor ein ser på både bruken av medisinar og bruken av ulike helsetenester (dst.dk). Databasen for Kontroll og utbetaling av helserefusjonar (KUHR) omfattar refusjonar utbetalt frå Folketrygda for utført arbeid i ein betydeleg del av helsetenestene, blant anna fastlege og legevakt.

Registerdatabasen System for persondata (SFP) viser befolkninga si tilknyting til arbeid, utdanning og velferdsordningar. Denne databasen dannar grunnlag for tala over unge utanfor arbeid, utdanning og opplæring, ofte kalla NEET, publisert i statistikken «Tilknytning til arbeid, utdanning og velferdsordninger».

Måletidspunktet i SFP er 4. kvartal, mens konsultasjonane registrert i KUHR gjeld heile kalenderåret. Ved å samanstilla data frå både KUHR og SFP, er det mogleg å studera korleis bruken av helsetenester varierer mellom NEET-gruppa (ikkje-aktive) og den resterande delen av befolkninga i same aldersgruppe (aktive). Dei busette personane i alderen 15–29 år i SFP som vi ikkje finn i KUHR, set vi til å ha ingen konsultasjonar.

I denne artikkelen ser vi på korleis bruken av fastlege og legevakt varierer mellom dei aktive og NEET-gruppa i perioden 2015–2022. For konsultasjonar fordelt etter diagnosegrupper (ICPC-2-kodeverk), så var det berre tal for åra 2021 og 2022 som var tilgjengeleg på analysetidspunktet.

Datagrunnlaget i denne artikkelen inkluderer ikkje bruken av fysioterapeutar, psykologar eller tenester i spesialisthelsetenesta.

Artikkelen er finansiert av Arbeids- og inkluderingsdepartementet.