Statistikkområde
Jord, skog, jakt og fiskeri: Fiske og fangst
Alt innhold for delområdet fiske og fangst
Vis innholdstyper
- Statistikker (5)
- Publikasjoner og artikler (35)
Søkeresultat
-
Namsen beste lakseelv dei siste fem åra
Både i 2020 og i snitt dei siste fem åra toppar Namsen lista over elvar og vassdrag med flest landa laks. I gjennomsnitt for perioden 2016-2020 vart det drege på land 6 890 laks i Namsen, nesten 1 000 fleire enn snittet for Tana.
Artikkel -
1 av 4 elvefisk sleppte ut igjen etter fangst
Laksefiskarane tok opp 175 400 fisk frå dei norske elvane i 2020. Det er ein auke på 6 prosent frå året før. Fang og slepp auka med 27 prosent frå 2019 og utgjorde 24 prosent av den totale fangsten i 2020.
Artikkel -
Mindre fangst i sjølaksefisket
I den ordinære sesongen i 2020 blei det fiska 219 tonn laksefisk i norske fjordar. Dette er 7 prosent mindre enn året før.
Artikkel -
Kvar bit storlaksen best?
Tana tronar på toppen av lista over norske elvar og vassdrag der det i gjennomsnitt er teke flest fisk dei siste ti åra. På dei to neste plassane følgjer Namsenvassdraget og Altavassdraget. I Tana har fangsten vore rett under 11 000 fisk i året i ...
Artikkel -
Gode engavlingar i 2019
Engavlinga i 2019 var 3,2 millionar tonn rekna som tørt høy, og det er over 50 prosent meir enn avlinga som blei oppnådd under tørkesommaren året før.
Artikkel -
21 tonn pukkellaks tatt i elvane
I 2019 vart det for første gong rapportert fiske av pukkellaks i elvane. Det vart fiska 21 tonn av arten, som er uønskt i Noreg, og pukkellaksen utgjorde 7 prosent av all avliva laks som vart fiska i elvane dette året.
Artikkel -
Fisket verdt 21 milliardar kroner
Norske båtar leverte fangst verdt 21,2 milliardar kroner i 2019 – ein auke på 1,5 prosent frå året før. Torsk er framleis den mest verdifulle fisken.
Artikkel -
Over 10 tonn uønska laks fiska
I år har for første gong fiske av pukkellaks blitt rapportert. I den ordinære sesongen blei det fiska 10,5 tonn av arten, som ikkje er ønska i Noreg.
Artikkel -
Grasavlingane på Austlandet meir enn halvert i fjor
Grasavlingane på Austlandet fall i 2018 med meir enn halvparten frå året før. Potetavlinga auka på si side trass i tørkesommaren.
Artikkel -
Kven er yrkesfiskaren – og kva tener han?
Den gjennomsnittlege yrkesfiskaren er ein mann på 45 år. Han bur i einebustad og hadde ei bruttoinntekt på 892 000 kroner i 2017. Bortimot 60 prosent er gifte eller sambuande.
Artikkel -
Tørkesommar gav minste elvefangst på 30 år
Det blei fiska nesten 150 000 laks, sjøaure og sjørøye i dei norske elvane i fjor – den minste fangsten sidan 1988. Den tørre og varme sommaren må ta mykje av skulda for den dårlege fiskesesongen.
Artikkel -
Verdien av fisket passerte 20 milliardar
Norske båtar leverte fisk, reker, skaldyr og skjel verdt rekordhøge 20 milliardar kroner i 2018 – ein auke på 8 prosent frå året før. Torsk er framleis den mest verdifulle fisken.
Artikkel -
Største fangsten i sjølaksefisket på 10 år
I den ordinære sesongen i 2018 blei det fiska 328 tonn villaks og sjøaure i norske fjordar. Dette er 11 prosent meir enn året før og den største fangsten i sjølaksefisket på 10 år.
Artikkel -
Det har gått i bølgjer
Det siste tiåret har fiskarane årleg teke opp mellom to og tre gonger så mykje fisk som i mellomkrigsåra. Tida imellom har vore prega av overfiske, bestandskollaps og fleire og strengare forvaltingstiltak, men ikkje minst effektivisering og ei riv...
Artikkel -
Størst laksefangst i Namsen
Laksefiskarane i Namsenvassdraget drog på land ein samla fangst på 9 900 laks, sjøaure og sjørøye i 2017. Dette gjorde Namsenvassdraget til laksefiskevassdraget med flest landingar i 2017.
Artikkel