Fabrikk med tre piper som slipper ut gasser, illustrasjon

Ifølgje miljøstatus.no var utsleppa av klimagassar i verda over dobbelt så høge i 2022 som i 1970. I 1970 var utsleppa 24,6 milliardar tonn CO2-ekvivalentar. I 1990 var verdas samla utslepp på 33,1 milliardar tonn CO2-ekvivalentar, og i 2022 på 53,8 milliardar tonn CO2-ekvivalentar. I grafen under kan du sjå utsleppstala for åra 1970–2019.

 

Figur 3. Utslipp av klimagasser i verden. 1970-2019

Figur 4. Utslipp av CO2 fra de landene med størst samlet utslipp per 2021. 1960-2021

Tala i figur 4 viser utsleppa over tid for landa med størst samla utslepp per 2021, der 27 EU-land er ei samla gruppe. Figuren viser at desse landa har hatt auke i utsleppa sine sidan 1960.

På miljøstatus.no står det dette om utviklinga:

– Fram til 1970 sto Europa og Nord-Amerika for den største veksten i totalutslippene. I de senere årene har landene med de raskest voksende økonomiene, spesielt Kina, stått for mesteparten av økningen. Miljøstatus.no

Landa i figur 4 er land med mange innbyggarar. Tala reflekterer òg dette. På miljøstatus.no kjem det fram at tal for utslepp av klimagassar per innbyggar varierer mellom land for året 2021, og Noreg er då i same gruppe som Kina og Japan:

  • USA, Canada og Australia: 14–15 tonn CO2 per innbyggar
  • Noreg, Kina og Japan: 7–9 tonn CO2 per innbyggar
  • Ca. 2 tonn i lågare mellominntektsland, som India og Brasil
  • Ca. 1 tonn eller mindre i låginntektsland som Bangladesh, Nigeria og mange afrikanske land sør for Sahara, som Kenya og Zimbabwe. Miljøstatus.no

Ved å løyse oppgåve D lærer du meir om klimagassutsleppa til Noreg og andre land frå bruk av fossile brensel. Kva for land slepp ut mykje samla, og korleis er tala når du tar omsyn til kor mange innbyggarar landa har?

Løys oppgåve D.

Friedlingstein et. al. (2020).The Global Carbon Budget 2020, Earth System Science Datahttps://essd.copernicus.org/articles/12/3269/2020/ 

Global Carbon Atlas. (2024,17. januar). Geographical Emissions of Several Countries over Timehttp://www.globalcarbonatlas.org/en/CO2-emissions

Miljødirektoratet. (2024, 17. januar). Globale utslipp av klimagasserhttps://miljostatus.miljodirektoratet.no/tema/klima/globale-utslipp-av-klimagasser/

Miljødirektoratet. (2024, 17. januar). Miljøstatus. Miljøtema. Klimahttps://miljostatus.miljodirektoratet.no/tema/klima/

PBL Netherlands Environmental Assessment Agency. (2020, 21. desember). Trends in Global CO2 and Total Greenhouse Gas Emissions; 2020 Reporthttps://www.pbl.nl/en/publications/trends-in-global-co2-and-total-greenhouse-gas-emissions-2020-report