Vaksne i grunnskoleopplæring

Oppdatert: 21. mars 2024

Neste oppdatering: 20. mars 2025

Andel kvinner i grunnskoleopplæring for vaksne
Andel kvinner i grunnskoleopplæring for vaksne
2023
67,4
%
 
Deltakarar i grunnskoleopplæring for vaksne
Deltakarar i grunnskoleopplæring for vaksne
2023
Begge kjønnMennKvinnerUoppgitt kjønnAndel mennAndel kvinner
Alder i alt8 1502 4665 49119330,367,4
16-19 år1 049631418060,239,8
20-29 år1 6806031 077035,964,1
30-39 år2 6315462 085020,879,2
40-49 år1 8794521 427024,175,9
50 år eller eldre705224481031,868,2
Uoppgitt alder2061031934,91,5
Standardteikn i tabellar

Utvalde tabellar og figurar frå denne statistikken

  • Deltakarar i grunnskoleopplæring for vaksne, etter fylke og kjønn
    Deltakarar i grunnskoleopplæring for vaksne, etter fylke og kjønn
    2023
    Begge kjønnMennKvinnerUoppgitt kjønn
    Heile landet8 1502 4665 491193
    Østfold5071393617
    Akershus83923659112
    Oslo1 8544451 4081
    Innlandet39512623435
    Buskerud334842473
    Vestfold285802041
    Telemark2266814513
    Agder65623737841
    Rogaland74221151813
    Vestland78630146421
    Møre og Romsdal258871629
    Trøndelag - Trööndelage6322253998
    Nordland - Nordlánnda32112018120
    Troms - Romsa - Tromssa231741498
    Finnmark - Finnmárku - Finmarkku8433501
    Svalbard0000
    Standardteikn i tabellar
  • Deltakarar i grunnskoleopplæring for vaksne, etter modul og kjønn
    Deltakarar i grunnskoleopplæring for vaksne, etter modul og kjønn1
    2023
    Begge kjønnMennKvinnerUoppgitt kjønn
    I alt3 8071 1422 57491
    Modul 150316930133
    Modul 282123156822
    Modul 31 09731077215
    Modul 41 26139685114
    Grunnmodul12536827
    1Inkluderer berre deltakarar med modulstrukturert opplæring
    Standardteikn i tabellar
  • Deltakarar i grunnskoleopplæring for vaksne, etter landbakgrunn
    Deltakarar i grunnskoleopplæring for vaksne, etter landbakgrunn
    2023
    Antal deltakararAndel deltakarar
    I alt8 150100,0
    Ukraina1041,3
    Eritrea97412,0
    Etiopia2533,1
    Kongo4505,5
    Marokko1491,8
    Somalia1 10913,6
    Sudan2352,9
    Sør-Sudan750,9
    Afghanistan6938,5
    Irak2633,2
    Iran1381,7
    Pakistan1391,7
    Syria2 35428,9
    Thailand1181,4
    Tyrkia760,9
    Resten av landene1 02012,5
    Standardteikn i tabellar
  • Deltakarar i grunnskoleopplæring for vaksne, etter butid
    Deltakarar i grunnskoleopplæring for vaksne, etter butid
    2023
    Antal deltakararAndel deltakarar
    I alt8 150100,0
    Busett under eitt år1491,8
    Busett 1 år6097,5
    Busett 2 år99212,2
    Busett 3 år6397,8
    Busett 4 år7629,3
    Busett 5 år7278,9
    Busett 6 år88010,8
    Busett 7 år8039,9
    Busett 8 år4335,3
    Busett 9 år2453,0
    Busett 10 år eller meir1 62920,0
    Ikkje innvandra891,1
    Uoppgitt butid1932,4
    Standardteikn i tabellar
  • Deltakarar i grunnskoleopplæring for vaksne, etter alder, kjønn og andel av innvandrarar
    Deltakarar i grunnskoleopplæring for vaksne, etter alder, kjønn og andel av innvandrarar
    2023
    Begge kjønnMennKvinnerUoppgitt kjønnAndel av alle innvandrarar, begge kjønnAndel av alle innvandrarar, mennAndel av alle innvandrarar, kvinner
    Alder i alt8 1502 4665 4911931,00,61,4
    16-19 år1 04963141803,44,02,8
    20-29 år1 6806031 07701,41,01,8
    30-39 år2 6315462 08501,20,51,9
    40-49 år1 8794521 42700,90,41,5
    50 år eller eldre70522448100,30,20,4
    Uoppgitt alder2061031930,00,00,0
    Standardteikn i tabellar

Om statistikken

Statistikken omfattar deltakarar og tiltak i grunnskoleopplæring for vaksne. Deltakarar frå både modulstrukturert og ordinær grunnskoleopplæring er inkluderte i statistikken.

Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 19. mars 2024.

Deltakar

Person som i løpet av referanseperioden vart registrert av ein kommune, skule eller vaksenopplæringssenter som deltakar i grunnskuleopplæring for vaksne etter §4A-1 i opplæringslova.

Grunnskoleopplæring for vaksne

Opplæringslova § 4A-1 seier at vaksne som treng grunnskoleopplæring har individuell rett til opplæring. Vaksne som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av ordinær opplæring har krav på spesialundervisning etter § 4A-2. Kommunen har ansvar for å gi slik opplæring.

Modulstrukturert opplæring

Modulstrukturert opplæring (hkdir.no) inneberer å organisere opplæringa i mindre einingar. Deltakarane skal kartleggast og innplasserast på modulen som samsvarer best med den kompetansen de allereie har. Opplæringa går frå modul 1 til modul 4. I tillegg er det ein grunnmodul for deltakarar som ikkje har lært å lese og skrive tidlegare.

Innvandrar

Personar som er fødde i utlandet av to utalandsfødde foreldre og fire utalandsfødde besteforeldre.

Norskfødde med innvandrarforeldre

Personar som er fødde i Noreg av to utalandsfødde foreldre og fire utalandsfødde besteforeldre.

Landbakgrunn
Eige, eventuelt mors, eventuelt fars eller besteforeldras utalandske fødeland. For personar født i utlandet er dette (med få unntak) eige fødeland. For personar fødde i Norge er det foreldras fødeland. I dei tilfella der foreldra har ulikt fødeland, er det mors fødeland som blir valt.

Alder
Alder på deltakarar etter Standard for aldersinndeling.

Navn: Vaksne i grunnskoleopplæring
Emne: Utdanning

20. mars 2025

Seksjon for utdannings- og kulturstatistikk

Nasjonalt og fylke

Årleg

Ikkje relevant

SSB lagrar innsamla og reviderte data på ein sikker måte, i tråd med gjeldande lovverk for databehandling.

SSB kan gje tilgang til datagrunnlaget (avidentifiserte eller anonymiserte mikrodata) som statistikken byggjer på, til forskarar og til offentlege myndigheiter som skal utarbeide statistiske resultat og analysar. Tilgang kan bli gjeven etter søknad og på vilkår. Sjå meir om dette på Tilgang til data fra SSB.

Statistikken Vaksne i grunnskoleopplæring har som formål å kartleggja kven deltakarane er, korleis opplæringa blir gjennomført og korleis det går med deltakarane som startar i opplæringa.

Tala er samla inn gjennom ei obligatorisk rapportering frå kommunar og vaksenopplæringssenter.

Hausten 2022 gjennomførte Statistisk sentralbyrå (SSB) ei prøverapportering der vaksenopplæringssenter og kommunar rapporterte alle vaksne deltakarar i grunnskoleopplæring i perioden 1. oktober 2021 til 30. september 2022. Denne datainnsamlinga resulterte i artikkelen «Hvem er deltakerne i grunnskoleopplæring for voksne?» som vart publisert 29. august 2023.

Hausten 2023 vart første ordinære datainnsamling gjennomført, og statistikken Vaksne i grunnskoleopplæring vart publisert første gang i mars 2024.

Brukarar av statistikken er sentrale myndigheiter som Kunnskapsdepartementet (KD), Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID), Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) og Utdanningsdirektoratet (Udir).

Kommunar, utdanningsinstitusjonar, forskarar, studentar og media er også blant brukarane.

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert klokka 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikra lik behandling av brukarane.

Statistikken kan sjåast i samanheng med statistikkane Elevar i grunnskolen, KOSTRA - kommune Stat Rapportering, Voksnes læring, Introduksjonsordningen for nyankomne innvandrere, Norskopplæring for voksne innvandrere og Livslang læring.

Data om vaksne i grunnskuleopplæring blir kvart år samla inn i grunnskolens informasjonssystem (GSI) (udir.no). Dataa her er ikkje samla inn på individnivå, slik som statistikken Vaksne i grunnskoleopplæring.

Statistikken blir utvikla, utarbeidd og formidla med heimel i lov av 21. juni 2019 nr. 32 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (statistikkloven, lovdata.no).

Statistikken inngår i nasjonalt program for offisiell statistikk 2024-2027, hovudområde Utdanning, delområde Grunnskoler, der det blir påpeika at statistikken skal omfatta vaksne deltakarar i grunnskulen.

Ikkje relevant.

Statistikken for deltaking i grunnskuleopplæring for vaksne omfattar opplysningar om kvar enkelt deltakar i opplæring, som er rapportert frå kommune eller vaksenopplæringssenter som deltakaren er knytt til. Statistikken omfattar alle som er registrerte som deltakar den aktuelle perioden/skuleåret. Statistikken gir opplysningar om blant anna kjønn, alder og landbakgrunn. Det blir også samla inn data om modul, fag, timetal og opplæringsstatus.

Statistikken er basert på opplysningar om deltakarar i grunnskuleopplæring som kommunen eller vaksenopplæringssenteret har rapportert til Statistisk sentralbyrå. Alle kommunale opplæringssenter og kommunar som også rapporterer til GSI er inkluderte i statistikken.

Datainnsamling

Statistikken er basert på opplysningar rapporterte frå kommunane eller vaksenopplæringssentera til Statistisk sentralbyrå (SSB). Opplysningane blir rapporterte i eit skjema via Altinn. Det er rapporteringsplikt for undersøkinga.

Editering

Alle skjema går gjennom ein mottakskontroll. Her blir det til dømes undersøkt om skjema er fylt ut og om det er nokre openberre feil. SSB gjennomfører maskinelle kontroller av data etter mottak. Desse omfattar dublettkontroll, sjekk av variasjonar mellom årets og fjorårets datamateriale, og testar om observasjonar har gyldige verdiar på variablane. Fødsels- og personnummer kontrollerast for gyldigheit mot SSBs befolkningsdatabase.

Etter kontroll av mottatte data pseudonymiseres dataene før vi legger til kjennemerker frå andre register som for eksempel opplysningar om kjønn, alder, landbakgrunn og butid.

Ikkje relevant

Alle som arbeider i SSB har teieplikt. SSB har utnemnt eige personvernombod.

SSB offentleggjer ikkje tal som medfører fare for avsløring av enkeltopplysningar om personar eller hushald. Meir informasjon finn du i avsnittet ‘Konfidensialitet' på SSBs side om metoder i offisiell statistikk.

Hausten 2022 gjennomførte Statistisk sentralbyrå (SSB) ei prøverapportering. Etter prøverapporteringa vart det utarbeida ei evaluering som vart publisert i 2023. Som ei følgje av denne evalueringa vart det gjort ei rekkje endringar frå datainnsamlinga i 2022 til datainnsamlinga i 2023.

Måle og bearbeidingsfeil
Nokon feil i samanheng med innsamling og bearbeiding av data kan finnast. Det kan vera kodefeil, revisjonsfeil, feil i databehandlinga etc. Det er likevel gjort eit arbeid for å minimalisera slike feil.

Revisjon er planlagd endring av tal som alt er publisert, til dømes ved publisering av endelege tal der det tidlegare har vore publisert førebelse tal. Sjå òg SSBs prinsipper for revisjon.

Faktasider

Kontakt