Det var ein svak nedgang på 0,5 prosentpoeng i andelen Personar som utførte inntektsgjevande arbeid på minst éin time i referanseuka, samt personar som har eit slikt arbeid, men som var midlertidig fråverande pga. sjukdom, ferie, permisjon e.l. Dei som er inne til førstegongs militær- eller sivilteneste, reknast som sysselsette. Personar på sysselsettingstiltak med lønn frå arbeidsgivar reknast og som sysselsette. Sysselsette omfattar både lønnstakarar og sjølvstendig næringsdrivande. blant Personar som er født i utlandet av utanlands fødde foreldre, og som er registrert busett i Noreg ifølge Det sentrale folkeregisteret. Blant innvandrarar reknast både flyktningar, arbeidsinnvandrar, familieinnvandrarar m. fl. Norskfødde med innvandrarforeldre reknast ikkje som innvandrar. samanlikna med same periode året før. I befolkninga utanom innvandrarane var nedgangen enda mindre, på 0,1 prosentpoeng. Nedgangen blant innvandrarar heng mellom anna saman med at det framleis er stor innvandring frå Ukraina.
Innvandrarar bidrog til veksten i talet på sysselsette
Trass i at prosentdelen gjekk litt ned, var det 15 300 fleire innvandrarar i jobb i 4. kvartal 2024 enn året før. I befolkninga elles var det ein nedgang på om lag 4 500 sysselsette.
– Innvandrarane bidrog dermed til ein netto auke på om lag 10 800 sysselsette totalt i aldersgruppa 20-66 år i 2024. Dette er ei trend vi har sett over lengre tid, seier Christoffer Berge, seniorrådgivar i Statistisk sentralbyrå, og legg til at ukrainarane stod for over halvparten av auken blant innvandrarane.
Størst auke blant innvandrarar frå Europa utanfor EU
Innvandrarar frå Europa utanfor EU hadde den største auken i andel sysselsatte, på 2,7 prosentpoeng. Den største nedgangen var blant innvandrarar frå dei nye EU-landa etter 2004, der andelen sysselsette fall med 2,3 prosentpoeng. Med unntak av den afrikanske gruppa som hadde ein auke på 0,5 prosentpoeng, var det elles berre mindre reduksjonar i dei andre gruppene. Framleis er det gruppa frå Europa utanfor EU som har den lågaste andelen sysselsette, på 54,2 prosent.
– Dette heng saman med den store andelen ukrainske flyktningar med kort butid i denne gruppa, seier Christoffer Berge.
Det kan leggast til at innvandrarar har noko lågare andel i heiltidsstillingar enn sysselsette elles, høvesvis 74,5 mot 79 prosent – rekna i prosent av dei som er sysselsette i kvar gruppe. Men det er forskjellar mellom innvandrarar. Dei frå Europa utenom EU/EFTA, Asia (inkl. Tyrkia), Afrika, Sør og Mellom-Amerika og Oseania utenom Australia og New Zealand. har 69,3 prosent som jobbar heiltid, medan dei frå EU/EFTA land, Storbritannia, Nord-Amerika, Australia og New Zealand. ligg på 80,3 prosent. Desse forskjellane skuldast mellom anna at den førstnemnde gruppa har større andelar i sals- og serviceyrke der deltidsarbeid særleg er utbreidd. Det kan lesast meir om heiltids- og deltidsarbeid i denne publikasjonen (kapittel 5): Innvandrere i Norge 2023 – SSB.
Stor forskjell i sysselsetting dei første åra etter innvandring
Forskjellane i andelen sysselsette mellom dei to hovudgruppene av innvandrarar er stor dei første to åra etter busetting før dei gradvis jamnar seg noko ut. Dette heng saman med at innvandrarar frå Asia, Afrika etc. i stor grad består av flyktningar og familiegjenforeinte, som mellom anna deltek i introduksjonsprogrammet dei første åra i Noreg, og difor er utanfor arbeidsmarknaden. Dei frå EØS-landa etc. er derimot dominert av arbeidsinnvandrarar som vanlegvis går direkte i jobb ved innvandring.
Relativt høg sysselsetting blant ukrainske kvinner
Ukrainske innvandrarar som busette seg i Noreg i årene 2022-2024, hadde 31 prosent sysselsette ved utgangen av 2024. Vi har førebels ikkje opplysningar om innvandringsgrunn for 2024, men vi må rekne med at så godt som alle desse er flyktningar. Dette er den desidert største gruppa som innvandra denne perioden.
Men vi finn og andre flyktningdominerte grupper som innvandra på same tid, om enn mykje mindre. Dette gjeld dei frå Afghanistan, Eritrea, Syria og Kongo. Med unntak av den sistnemnde har desse gruppene ein prosentdel sysselsette på mellom 20 og 24 prosent og ligg dermed eit stykkje under den ukrainske gruppa. Innvandrarane frå Kongo har den lågaste sysselsettinga blant dei nyetablerte, på litt under 17 prosent.
Menn frå Ukraina har ikkje like høg sysselsetting som menn frå Afghanistan og Eritrea. Derimot ligg dei ukrainske kvinnene høgt, og det er berre ein liten skilnad mellom kjønna blant dei frå Ukraina. Dette står i skarp kontrast til dei andre gruppene. Det må strekast under at det generelt er svært låg sysselsetting blant flyktningkvinner med kort butid i Noreg, og at dei ukrainske kvinnene såleis skil seg ut frå dette mønsteret.
Mange i sals- og serviceyrke samt ufaglærte yrke
Av dei sysselsette ukrainske innvandrarane busett 2022-2024 jobba nærare 35 prosent i sals- og serviceyrke. Blant dei frå dei andre fire landa, som her er slått saman til ei gruppe, er den tilsvarande delen høgare, på 51 prosent. Sals- og serviceyrke omfattar mellom anna pleie- og omsorgsarbeidarar, der særleg dei ukrainske kvinnene jobbar som barnehage- og skuleassistentar og som pleiemedarbeidarar. Blant ukrainske menn er serviceyrke langt mindre utbreidd, og det same gjeld salsyrker.
Yrkesområdet reinhaldarar, hjelpearbeidarar mv. er det nest største både hos dei frå Ukraina og frå andre land på respektive 21 og 26 prosent. I hovudsak dreier dette seg om ufaglærte yrke. Elles ligg dei ukrainske innvandrarane relativt høgt når det gjeld prosess- og maskinoperatørar og transportarbeidarar (12,5 prosent) samt handverkarar (10 prosent) som begge er sterkt mannsdominerte yrkesområde.
Samanlikna med alle innvandrarar i gruppa Asia, Afrika etc. har dei ukrainske og andre innvandrarar busett 2022-2024 fleire i ufaglærte yrke og færre i akademiske-/høgskoleyrke. Vi må rekne med at dette heng saman med den korte butida i Noreg, og at særleg den ukrainske gruppa på lengre sikt vil få ein større andel innafor akademiske- og høgskoleyrke, ettersom dette er ei innvandrargruppe med relativt mange høgt utdanna.
Det må og leggjast til at dei frå Ukraina og andre land har ein lågare andel i heiltidsarbeid enn innvandrarar totalt, og at berre halvparten har fast tilsetting. Dette kan tyde på at mange av jobbane blant nykomne innvandrarar først og fremst har eit integreringsføremål og mellom anna tek sikte på språkopplæring og yrkespraksis.