Kjøretybestanden
Halvparten køyrer framleis på diesel
Publisert:
Sjølv om halvparten av bilane framleis går på diesel, fremjar avgifter og teknologisk utvikling overgang til elektrisitet og bensin. Tilgangen og alderen til bilar i Noreg skil seg lite frå det europeiske gjennomsnittet.
- Tala er henta frå
- Bilparken
- Transport med varebiler
- Kollektivtransport
- Artikkelen er del av serien
- Samferdsel og miljø, 2017
Mengda personbilar delt på befolkningsmengda gjev tettleiken av bilar. I 2014 hadde Italia og Finland flest bilar med om lag 600 bilar per 1000 innbyggjarar. I Tyskland og Austerrike var tilsvarande tal rundt 550. Færrast bilar hadde Romania og Ungarn med høvesvis om lag 250 og 300 bilar per innbyggjar. Biltettleiken var i mange land, inkludert Noreg, mellom 400 og 500 bilar per 1000 innbyggjarar. Men i Noreg blir mange små godsbilar nytta som personbilar til privat køyring på grunn av lågare avgifter. Dette særnorske fenomenet inneber at biltettleiken i Noreg i røyndomen var høgare enn dei registrerte 495 personbilane per 1000 innbyggjarar. Veksten i bilhaldet auka mest i Polen og Romania. Samanlikna med 2000 var biltettleiken i dei to landa dobla. I perioden 2000-2014 var veksten i bilhaldet lågast i Frankrike, Sverige, Austerrike, Italia og Belgia, under 10 prosent. I Noreg auka biltettleiken i same perioden med 20 prosent.
Figur 1. Registrerte personbilar per 1 000 innbyggjarar. Utvalde land. 2000 og 2014
2000 | 2014 | |
Romania | 124 | 247 |
Ungarn | 232 | 316 |
Danmark | 347 | 412 |
Bulgaria | 245 | 418 |
Irland | 348 | 425 |
Portugal | 333 | 433 |
Tsjekkia | 336 | 459 |
Sverige | 450 | 470 |
Storbritannia | 425 | 472 |
Nederland | 409 | 472 |
Hellas | 295 | 472 |
Spania | 431 | 474 |
Frankrike | 460 | 479 |
Noreg | 411 | 495 |
Belgia | 456 | 495 |
Polen | 261 | 526 |
Austerrike | 511 | 547 |
Tyskland | 475 | 547 |
Finland | 412 | 581 |
Italia | 572 | 610 |
Halvparten av personbilane i Belgia yngre enn fem år
I 2014 skilde Belgia seg ut med ein svært moderne personbilpark. Nesten kvar annan belgisk registrert bil hadde blitt brukt mindre enn fem år. Mindre enn kvar tiande bil i Litauen, Latvia og Romania var under fem år i 2014. Den norske bilparken plasserte seg mellom desse ytterpunkta, 30 prosent av registrerte bilar var 0-4 år. I perioden mellom 2000 og 2014 vart delen bilar under fem år mindre i fleire land. Nedgangen i delen nye bilar heng saman med den økonomiske krisa som byrja hausten 2008. Samanlikna med 2000 minka delen nye bilar i Romania mest, om lag 50 prosentpoeng. I Italia, Slovenia og Irland sokk delen bilar mellom 0 og 4 år om lag 20 prosentpoeng i perioden. Oppgangen i delen nye bilar var sterkast i Belgia, 5 prosentpoeng. Noreg hadde 2000-2014 ein liten nedgang på 2 prosentpoeng i delen bilar under fem år.
Figur 2. Delen av registrerte personbilar under 5 år. Utvalde land. 2000 og 2014
2000 | 2014 | |
Litauen | 2 | 5 |
Latvia | 5 | 8 |
Romania | 60 | 9 |
Ungarn | 22 | 10 |
Kypros | 18 | 13 |
Estland | 11 | 14 |
Kroatia | 27 | 14 |
Portugal | 29 | 16 |
Finland | 28 | 18 |
Slovenia | 47 | 27 |
Italia | 49 | 27 |
Noreg | 32 | 30 |
Tyskland | 40 | 31 |
Sverige | 36 | 33 |
Sveits | 39 | 35 |
Irland | 56 | 35 |
Austerrike | 35 | 38 |
Belgia | 40 | 45 |
Eksplosiv motorisering
I perioden 1950-2016 auka folketalet om lag 60 prosent. I same perioden voks mengda personbilar nesten 4 000 prosent. Personbilveksten tok særleg av etter hevinga av importrestriksjonane i 1960. Sidan tidleg 1980-tal har mengda varebilar vorte seksdobla. Medan talet på motorsyklar/mopedar/beltemotorsyklar minka mellom 1960 og1980, opplevde bestanden sidan ei tre-dobling. Den spesielle utviklinga i bestanden til kombinerte bilar, køyrety registrert for transport av både bilar og gods, skuldast avgiftsreglar.
Figur 3. Utviklinga til personbilar, varebilar, motorsyklar/mopedar/beltemotorsyklar og kombinerte bilar. Noreg. 1950-2016
1950 | 1960 | 1970 | 1980 | 1990 | 2000 | 2010 | 2016 | |
Personbilar | 100 | 347 | 1150 | 1897 | 2481 | 2848 | 3550 | 4338 |
Varebilar | 100 | 374 | 464 | 484 | 1042 | 1476 | 2513 | 3134 |
Motorsyklar/mopedar/beltemotorsyklar | 100 | 680 | 682 | 588 | 816 | 1002 | 1541 | 1867 |
Kombinerte bilar | 100 | 92 | 247 | 441 | 3516 | 5350 | 2471 | 1158 |
Det var registrert i alt om lag 140 000 motorkøyrety i 1950. Av dette stod personbilane for om lag halvparten, medan køyretygruppene lastebilar og motorsyklar/mopedar/beltemotorsyklar båe utgjorde om lag 20 prosent. Meir enn kvart tiande køyrety var ein varebil. Tre prosent av køyretybestanden bestod av bussar og 1 prosent kombinerte bilar. I 2016 var tilsvarande køyretybestand auka til nesten 3,7 millionar. Framleis var meir enn kvar tiande køyrety ein varebil. Den store absolutte veksten til desse to køyretygruppene gav andre grupper ein relativ tilbakegang. Delen til motorsyklar/mopedar/beltemotorsyklar hadde minka frå 18 til 12 prosent. Lastebilar opplevde ein stor relativ tilbakegang, frå over 20 til to prosent av total køyretybestand. Delen til den heterogene køyretygruppa bussar sokk frå 3 til under 1 prosent. Det same galdt for kombinerte bilar.
Størst vekst for personbilen
Personbilen er utan samanlikning det transportmiddelet som har auka sterkast sidan 1950. I gjennomsnitt har personbilparken vokse knapt 6 prosent i året i perioden 1950-2016. Sjølv om den relative veksten var stor i det første tiåret etter 1950, er den absolutte veksten på drygt 160 000 personbiler moderat samanlikna med veksten i dei to komande tiårs-periodane. 1960-1980 auka mengda personbilar med om lag 1 million. Mellom 1980 og 2000 var veksten monaleg redusert, rundt 600 000. 2000-2016 auka bilparken med om lag 800 000.
Figur 5. Registrerte motorkøyrety. Noreg. 1950-2016
Alle motorkøyrety | Personbilar | |
1950 | 144718 | 65028 |
1960 | 526398 | 225439 |
1970 | 1116528 | 747966 |
1980 | 1686677 | 1233615 |
1990 | 2357242 | 1613037 |
2000 | 2782028 | 1851929 |
2010 | 3494873 | 2308548 |
2016 | 3686788 | 2662910 |
Gjennomsnittsalderen på personbilar i Noreg 10 år
I knapt 10 år har gjennomsnittsalderen til den norske personbilparken lege rundt 10 år. Medan gjennomsnittsalderen for dei dieseldrivne bilane var høgare enn dei bensindrivne til og med tidlig på 1990-talet, har dei bensindrivne personbilane sidan vore eldst. Sjølv om dei dieseldrivne bilane er vorte noko eldre dei siste åra, var likevel den bensindrivne personbilen i gjennomsnitt langt eldre enn den dieseldrivne, høvesvis 13,7 og 7,5 år i 2016.
Figur 6. Registrerte personbilar etter gjennomsnittsalder og type drivstoff¹. Noreg. 1990-2016
Bensinbilar | Anna drivstoff | Gjennomsnitt | |
1990 | 8.6 | 9.0 | 8.6 |
1991 | 9.1 | 9.3 | 9.1 |
1992 | 9.6 | 9.3 | 9.6 |
1993 | 10.0 | 8.9 | 10.0 |
1994 | 10.2 | 8.8 | 10.2 |
1995 | 10.4 | 9.0 | 10.4 |
1996 | 10.0 | 8.7 | 9.9 |
1997 | 10.0 | 8.7 | 9.9 |
1998 | 10.0 | 8.6 | 9.9 |
1999 | 10.0 | 8.5 | 9.9 |
2000 | 10.1 | 8.5 | 10.0 |
2001 | 10.2 | 8.3 | 10.1 |
2002 | 10.4 | 8.0 | 10.2 |
2003 | 10.6 | 7.7 | 10.3 |
2004 | 10.7 | 7.2 | 10.2 |
2005 | 10.8 | 6.8 | 10.2 |
2006 | 11.1 | 6.5 | 10.2 |
2007 | 11.5 | 5.8 | 10.2 |
2008 | 12.0 | 5.8 | 10.3 |
2009 | 12.5 | 5.9 | 10.4 |
2010 | 13.0 | 5.9 | 10.5 |
2011 | 13.4 | 6.0 | 10.5 |
2012 | 13.7 | 6.2 | 10.5 |
2013 | 13.8 | 6.5 | 10.5 |
2014 | 13.9 | 6.8 | 10.5 |
2015 | 13.9 | 7.1 | 10.5 |
2016 | 13.7 | 7.5 | 10.6 |
Diesel frå 1 til 50 prosent på under 50 år
I 1970 utgjorde dieseldrivne personbiler knapt 1 prosent av personbilparken i Noreg. I 2016 stod dieselbilar for rundt halvparten av alle personbilar. Frå slutten av 1990-åra førte teknologiske forbetringar av dieselmotoren til langt større tilbod av dieseldrivne personbilar. Men i 2006 utgjorde dieselbilane framleis knapt 20 prosent av personbilparken. Endra eingongsavgift frå og med 2007 med vekt på utslepp av CO2 gav billegare dieselbilar og større etterspurnad. Samanlikna med bensinmotoren forbruker dieselmotoren mindre drivstoff og slepp ut mindre CO2. Allereie ved utgangen av dette året køyrde knapt kvar fjerde personbil på diesel. Også åra etter 2007 viser sterk vekst i den dieseldrivne delen av personbilpopulasjonen. I 2008 voks dieselbilens del av populasjonen 3 prosentpoeng og 2009-2011 4 prosentpoeng kvart år. Ei ny endring av eingongsavgifta med vekt på utslepp av NOX frå og med 2012 reduserte salet av dieseldrivne bilar. Sidan dieselbilar slepp ut meir NOX enn bensinbilar, auka endringa prisen på dieselbilane i høve til bensindrivne bilar. I 2012 auka framleis delen til dieseldrivne bilar 3 prosentpoeng og i perioden 2013-2016 2 prosentpoeng årleg. I 2016 blei diesel meir vanleg enn bensin i personbilbestanden.
Figur 7. Registrerte personbilar etter drivstofftype. Noreg. 1970-2016
Elektrisitet | Diesel | Bensin | |
1970 | 4833 | 742404 | |
1980 | 22344 | 1211271 | |
1990 | 48711 | 1564326 | |
2000 | 136235 | 1715694 | |
2001 | 152897 | 1719965 | |
2002 | 177909 | 1721858 | |
2003 | 211243 | 1722417 | |
2004 | 256575 | 1721279 | |
2005 | 317608 | 1711238 | |
2006 | 391341 | 1693476 | |
2007 | 508938 | 1645899 | |
2008 | 1693 | 598259 | 1597070 |
2009 | 1776 | 691456 | 1550629 |
2010 | 2068 | 804384 | 1500841 |
2011 | 3909 | 923907 | 1448372 |
2012 | 8031 | 1026201 | 1408322 |
2013 | 17770 | 1111584 | 1368736 |
2014 | 38652 | 1187177 | 1328479 |
2015 | 69134 | 1243235 | 1295739 |
2016 | 97532 | 1276947 | 1196148 |
50 gongar fleire elbilar sidan 2010
Den etablerte todelinga av personbilmarknaden, mellom bensin- og dieselbilar, held på å forsvinna på grunn av endra avgiftsprofil og aukande utbreiing av alternative motorteknologiar. Store økonomiske føremonar har på kort tid gjeve særleg stor vekst i mengda elbilar. I 2010 var det registrert vel 2 000 personbilar med elektrisk motor. I 2016 hadde mengda elbilar auka til knapt 100 000. Trass i denne enorme veksten utgjer elbilane framleis berre fire prosent av alle personbilar. Sidan rekkjevidda er ei utfordring for mange elbilar, er det rimeleg at elbilen nyt størst popularitet i byar eller bynære område. Geografisk fordeling av køyrety refererer til eigarens adresse i Det sentrale motorvognregisteret. Adressa vil ikkje alltid samsvara med kvar køyretyet blir brukt, spesielt der køyretyet er eigd av leasingselskap. Med dette atterhaldet var 40 prosent av alle elbilar i 2016 lokalisert i dei fem største elbilkommunane: Oslo, Bergen, Bærum, Trondheim og Asker. I dette året budde 25 prosent av befolkninga i dei same kommunane.
Figur 8. Registrerte elbilar. Noreg. 2008-2016
Elbilar | |
2008 | 1693 |
2009 | 1776 |
2010 | 2068 |
2011 | 3909 |
2012 | 8031 |
2013 | 17770 |
2014 | 38652 |
2015 | 69134 |
2016 | 97532 |
Hybridteknologi kombinerer bensin- og elektrisk motor
Siste åra har etterspurnaden etter dieselbilen minka mykje. I 2014 hadde nesten halvparten av alle nye bilar dieselmotor og i 2015 utgjorde dieselbilane 41 prosent av alle førstegongs registrerte bilar. I 2016 vart det registrert om lag 155 000 nye bilar. I dette året hadde knapt ein fjerdedel av alle nye bilar ein eller annan form for hybriddrift, som igjen fordelte seg på om lag like mange ladbare og ikkje-ladbare hybridbilar. Eingongsavgift basert på dei kalkulerte utsleppa til hybridbilane gjorde biltypen økonomisk attraktiv. Samstundes er estimeringar av utsleppa til hybridbilar usikre. Volumet på utsleppa avheng av køyremønsteret, brukt til korte turar produserer bilens elektriske motor verken CO2 eller NOX, men under lengre turar basert på bensin eller diesel blir resultatet annleis. I 2016 stod elbilar for 16 prosent av salet av nye bilar. Det innebar at over 40 prosent av selde bilar dette året kunne køyra på elektrisitet. Både dieselbilar og bensinbilar utgjorde tilsynelatande om lag 30 prosent av dei nye bilane. Men hybridane nytta nesten berre bensin som konvensjonelt drivstoff. Det tyder at dersom hybridteknologien blir halden utanom, stod dieseldrivne personbilar for 32 og bensindrivne personbilar for 53 prosent av nye personbilar.
Artikler i serien samferdsel og miljø
- Hva påvirker utslipp til luft fra veitrafikk?
- Luftforurensning fra samferdsel
- Klimagassutslipp fra samferdsel
- Bruk av biodrivstoff i transport
- Avgifter knyttet til transport
- Snart i mål med transportmålet for 2020
- Energibruk til transportformål i Norge
- Energibruk til transportformål i Europa
- Køyrer nest mest i Europa
- 13 elbiler per ladepunkt
- Vann- og grunnforurensning fra samferdsel
- Samferdsel og naturpåvirkninger
- Avfall fra samferdsel
- Godset likt fordelt mellom båt, bil og røyrleidning
- Prisvekst på all veitransport
- Flere nordmenn utsatt for støy
Kontakt
-
Geir Martin Pilskog
-
SSBs informasjonstjeneste